Hopp til innhold
X
Innhald

Cindy Haug

​Cindy Haug, fødd i 1956, er forfattar.

Cindy Haug, fødd i 1956, er ein forfattar som eksperimenterer med og blandar sjangrar. Ho debuterte i 1982 med prosaboka Se deg ikke tilbake mot Europa og bli stein ... O, Eurydike, følgd av mellom anna lyrikksamlinga faen Heller flirer fagert, Snap-Shots fra Fedrelandet (1983), barneverssamlinga Helt Der Helt Nær (1983) og diktsamlinga Elektrisk ereksjon, som Haug gav ut saman med Gene Dalby i 1984. Haug har òg skrive dikt- og tekstsamlingane Skumlepper (1989) og Blikket/kniven (1990), diktsamlingane Gaupehjerte (1993) og Tiende bok (1994) og dikt- og tekstsamlinga Fjærtegn (1997).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.04.2016
Sist oppdatert: 27.04.2016