Hopp til innhold
Daniel Heraldstveit.
Daniel Heraldstveit.
X
Innhald

Daniel Heradstveit

Daniel Heradstveit, professor, forskar i internasjonal politikk, med Midtausten som spesialfelt. 

Daniel Heradstveit var fødd 4. september 1940 i Norheimsund i Hardanger og døydde 7. februar 2018 i Oslo. Han tok examen artium i Bergen i 1960, magistergraden i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1967 og doktorgraden same staden i 1979. Han spissa denne utdanninga med studiar av språk, kommunikasjon og politisk psykologi. Magistergradsavhandlinga er ein analyse av stortingsdebatten om EEC, og i doktoravhandlinga skriv han om psykologiske hindringar for fred i den israelsk-arabiske konflikten.

I åra 1969–84, og frå 2006, hadde Heradstveit stilling som forskar, forskingssjef og direktør ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt. Han har vore professor ved Johns Hopkins-universitetet i Bologna og ved Syracuse University i New York. Frå 1986 til 1996 var han professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Mykje av forskinga hans handlar om språket som verkemiddel. I Politisk kommunikasjon viser han korleis retorikk er med og skaper meining og mobiliserer til handling. Eit anna forskingstema er terrorisme. I Politisk terrorisme analyserer han terrorverksemd i europeiske land. Seinare har forskinga særleg vore retta mot Midtausten og Asia, der han har gjort feltarbeid i ei rekkje land. Både som forskar og som rådgivar for Statoil har han formidla ein inngåande kjennskap til Iran.

Heradstveit var professor emeritus ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt og ved Syracuse University.

Kjelder

Anders Nordstoga: «Konflikten i Kaukasus sprer seg til Midtøsten», Aftenposten 20.10.2011: http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/Konflikten-i-Kaukasus-sprer-seg-til-Midtosten-6575929.html [lesedato 22.6.2015]

NUPI: «Daniel Heradstveit», biografi: http://158.36.137.205/index.php/nor/Virksomheten/Forskningsprogram/Den-persiske-golf/Daniel-Heradstveit [lesedato: 22.6.2015]

Wikipedia: «Daniel Heradstveit»: https://no.wikipedia.org/wiki/Daniel_Heradstveit [lesedato 22.6.2015]

Først publisert: 01.09.2015
Sist oppdatert: 16.02.2018