Hopp til innhold
X
Innhald

Ebba Haslund

Ebba Haslund, 1917–2009, var forfattar og kritikar.

Ebba Haslund, 19172009, var forfattar og kritikar. Ho debuterte i 1945 med novellesamlinga Også vi... og skreiv mellom anna romanane Det trange hjerte (1965), Syndebukkens krets (1968), Bare et lite sammenbrudd (1975), Behag og bedrag (1978), Døgnfluens lengsel (1984), I mangel av sverd (1995). Haslund skreiv òg barnebøker som Tøff kar, Petter (1958) og Mor streiker (1981), novellesamlingar som Fra mitt Stromboli (1991). Ho skreiv tre sjølvbiografiar: Som plommen i egget (1987), Med vingehest i manesjen (1989) og Ikke naken, ikke kledd (1992) i tillegg til epistlar og høyrespel. Haslund var litteraturkritikar i Aftenposten og skribent i Klassekampen. Ho var òg redaktør for tidsskriftet Ordet frå 1966 til 1068 og formann i Den norske Forfatterforening 1971–75.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.04.2016
Sist oppdatert: 27.04.2016