Hopp til innhold

Einar Hovdhaugen

Einar Hovdhaugen, bonde og politikar, forfattar, målmann og kulturhistorikar.

Einar Hovdhaugen var fødd i Ringebu i Oppland 26. februar 1908 og døydde same staden 1. juli 1996. Han var langt på veg sjølvlærd. Einaste skulegonga etter udelt folkeskule ni veker i året var to år på fylkesskulen i Ringebu i 1925–27. Det meste av livet budde han på Venåsen, slektsgarden til mora, som han tok over i 1938.
Alt i 1930-åra kom Hovdhaugen med i skulestyret og kommunestyret i heimbygda. Han valde Bondepartiet, men såg mykje positivt i arbeidarrørsla. Etter krigen, frå 1946 til 1949, var han generalsekretær i Bondepartiet og la ned eit stort arbeid i å gjenreise partiet.
I åra 1958–69 var han stortingsrepresentant frå Oppland. Heile tida sat han i kyrkje- og undervisningskomiteen. Ved sida av skulepolitikken var han oppteken av språkpolitikk. Han var nynorskbrukar, var medlem i Noregs Mållag og formann i Kringkastingsringen 1957–60. Ei tid sympatiserte han med Landslaget for språklig samling. Han var med og skipa organisasjonen i 1959. 
Hovdhaugen hadde mange verv. Han sat i arbeidsutvalet i Norges Bondelag 1955–59, var medlem av Landbruksrådet 1955–59, Kringkastingsrådet 1957–73 og varamedlem i Norsk språknemnd 1953–66, medlem 1966–72.  Han sat i styret for Riksteatret 1949–68 og var formann 1968–72, var medlem av Teaterkomiteen av 1960, Folkeskulekomiteen av 1963 og Komiteen til å vurdere språksituasjonen av 1964 (Vogt-komiteen). Då Henry Kissinger og Le Duc Tho fekk fredsprisen 1973, trekte han seg i protest som medlem av Nobelkomiteen.
Han skreiv om lag 20 bøker. Den første, Strålebrua, kom i 1939 og var ei samling barneforteljingar. Seinare følgde bygdebøker for Ringebu og Fron, kulturhistoriske bøker om mellom anna utvandringa til Amerika, om husmannstida, om kårskipnaden i bondesamfunnet, om ekteskap og kjønnsmoral i norsk historie og bøker om slektsgransking. Den siste boka kom i 1993, Frå det gamle arbeidslivet. Arbeidsmåtar, reiskapar og nemningar. Han skreiv òg mange lokalhistoriske artiklar og sat i styret i Dølaringen 1932–40.

Hovdhaugen vart heidra med Kulturprisen for Gudbrandsdalen (1971), Austmannaprisen (1976), Norsk Kulturråds lokalhistoriske pris (1978) og Ringebu kommunes kulturpris. I 1976 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Kjelder
Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
Arnfinn Engen: «Einar Hovdhaugen». Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001
Hans Hosar: «Einar Hovdhaugen. 100-årsjubileum for vidsynt lokalhistorikar». Lokalhistorisk magasin, 4/2008, Trondheim 2008
Einar Hovdhaugen: «Målreising og bondereising». Årbok for Gudbrandsdalen. 1948
Normann Kirkeide: «Einar Hovdhaugen». Minneord. Bergens Tidende 9.7.1996
Anne Enger Lahnstein: «Einar Hovdhaugen». Minneord. Aftenposten 12.7.1996
O. M. Mathisen: «Den rotfaste og vidsynte hovdingen frå Venabygd». I Kristian Skullerud mfl. (red.): Århundrets døler. Lillehammer 1999
Asbjørn Ringen: «Einar Hovdhaugen (1908–1996)». Årbok for Gudbrandsdalen. 1996
Asbjørn Ringen: «Frå Venåsen til Fns hovudforsamling. 100 år sidan Einar Hovdhaugen vart fødd». Hemgrenda 2008. Ringebu historielag 2008
Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005. Oslo 2005
Lars S. Vikør og Geirr Wiggen (red.): Språklig samling på folkemåls grunn. Artikler frå bladet Språklig Samling. Oslo 1979
Einar Hovdhaugen: Representanter og komiteer, stortinget.no:
http://www.stortinget.no/nn/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=EIHV[lesedato 28.3.2012]

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 13.05.2013