Hopp til innhold

Eivind Hansson Hognestad

Eivind Hansson Hognestad, gardbrukar, forsøksdyrkar, ordførar og stortingsrepresentant.

Eivind Hansson Hognestad var fødd i Time 9. oktober 1863 og døydde 26. september 1936. Han var bror til Peter Hognestad.
Hognestad var i det meste sjølvlærd. Han gjekk amtsskulen, ein skule som var skipa som ei kristen konservativ motvekt mot folkehøgskulane, og var i yngre år mykje med i den kristelege ungdomsrørsla. I 1892 tok han over farsgarden på Hognestad i Time. Frå 1895 var han med i offentleg forsøksverksemd i jordbruket og arbeidde særleg med åkervekstar. Han hadde kontakt med Bastian R. Larsen, ein pioner innanfor plantedyrking, og gjorde studiereiser til Danmark og Sverige i 1902 med stipend frå Landbruksdepartementet. I 1904 og 1911 skreiv han meldingar om åkervekstforsøk i Rogaland.
Hognestad var stortingsrepresentant for Moderate Venstre 1904–06 og for Samlingspartiet 1907–09. I 1904–06 var han medlem av landbrukskomiteen, i 1907–97 medlem av kyrkjekomiteen. I 1910–12 var han vararepresentant til Stortinget. Han sat i formannsskapet i Time heradsstyre  frå 1896 til 1907 og var ordførar i perioden 1911–19. Han var styremedlem i Rogalands Landbruksselskap 1914–19, var medlem i tilsynskomiteen for Jærbanen og var styrar av Noregs Banks avdeling i Stavanger 1912–36.
Hognestad var liksom broren Peter og faren Hans ven av Arne Garborg. Han hjelpte Garborg med å få Knudahei-huset i stand. Matbordet og pinnestolen i Knudaheio var opphavleg eit lån frå Eivind og broren Hans.
Hognestad var liksom fleire av syskena musikalsk. Han spelte mellom anna cello, og han organiserte sitt eige husorkester på Hognestad. Han skreiv mykje i blad og tidsskrift, og han gav ut bøkene Rogalands Landbruksselskap 1776–1926 (1926) og Time Ungdomslag gjenom 50 år (1929) og heftet Timekyrkja fram gjenom tidene (1931).
Kjelder
Johs. A. Dale og Rolv Thesen: Arne Garborg. Mogning og manndom. Brev, bd. 1 og 2. Oslo 1954
Arne Garborg: Reiseskildringar. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Oslo 2001
Eivind Hognestad: Time herad 1837–1937. Sandnes 1983
Herborg Kverneland: «Arne Garborg i kjennskap og vennskap med folk frå Hognestadkrinsen», Sjå Jæren. Årbok for Jærmuseet 2005
Birger Lindanger og Jørg Eirik Waula: Time. Gard og ætt, II. Stavanger 2006
NSD Samfunnsveven: Biografier 1905–1945
Sigbjørn Reime (red.): Om Knudaheio. Bryne 2003

Først publisert: 17.03.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013