Hopp til innhold
X
Innhald

Eldbjørg Hemsing

Eldbjørg Hemsing er ein norsk fiolinist frå Aurdal i Valdres. Ho har gjort karriere som solist nasjonalt og ikkje minst internasjonalt.

Eldbjørg Hemsing er fødd i Nord-Aurdal i Valdres 16. februar 1990. Ho vaks opp i Aurdal, der ho lærte å spele fiolin og hardingfele av mora, Bente Hemsing. Seinare fekk ho undervisning ved Barrat Due musikkinstitutt, før ho flytte til Wien og gjekk i lære hos professor Boris Kuschnir.

Som 11-åring debuterte Hemsing med Bergen Filharmoniske Orkester. Sidan den tid har ho jamleg vore gjestesolist hos dei største orkestera i Europa, Canada, USA og Kina, og hos norske orkester som Oslo-Filharmonien og Kringkastingsorkestret. Dessutan har ho spela på kammermusikkfestivalar i Noreg og på store klassiske festivalar i Europa og USA. Saman med søstera Ragnhild starta ho Hemsingfestivalen i heimbygda i 2013.

Hemsing har vore særleg oppteken av ny musikk, og det har ført til eit nært samarbeid med den kinesiske komponisten og dirigenten Tan Dun. I tillegg har ho henta fram lite brukte meisterstykke av norske komponistar, til dømes Hjalmar Borgström.

Det første albumet til Hemsing inneheld fiolinkonsertar av Hjalmar Borgström og Dmitrij Sjostakovitsj og kom ut i 2018. Oppfølgjaren kom hausten 2018, med Dvořáks fiolinkonsert og stykke av Josef Suk. For innspelinga av Tan Duns fiolinkonsertar vart ho nominert til Spellemannprisen i 2019. I 2020 gav ho ut Griegs fiolinsonatar og sin eigen første komposisjon: «Homecoming».

Hemsing har fått mange prisar, mellom anna vann ho Kocian internasjonale fiolinkonkurranse og Sparre Olsen-konkurransen i 2005, og i 2008 vann ho Den norske solistprisen. Dermed vart ho Noregs representant i Eurovision Young Musicians, der ho vann lyttarprisen og fekk 3.‑pris av juryen. Ho har òg fått lyttarprisen på Verbier Festival, og ho har fått Arve Tellefsens musikkpris.

Kjelder

Esther Sonja Bergene: «Musikkambassadørane», i Årbok for Valdres 2005, s. 63–69

 

«Eldbjørg Hemsing», omtale på nettsida til Hemsingfestivalen, hemsingfestival.com: https://www.hemsingfestival.com/artistar [lesedato 20.2.2019]

Nettstaden til Eldbjørg Hemsing, eldbjorghemsing.com: https://eldbjorghemsing.com [lesedato 2.3.2020]

 

Peikarar

Hemsingfestivalen, hemsingfestival.com

Eldbjørg Hemsing spelar eit utdrag frå Hjalmar Borgströms fiolinkonsert i NRK-programmet «Live hos Lindmo», youtube.com, publisert 13.3.2018

«Ole Bulls tone» (2010), NRK-dokumentar med Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, youtube.com

Eystein Sandvik: «Eldbjørg Hemsing hjem til Valdres med Grieg», platemelding, nrk.no, sist oppdatert 5.8.2020

Først publisert: 02.10.2020
Sist oppdatert: 05.10.2020