Hopp til innhold
X
Innhald

Emil Christian Hansen

Emil Christian Hansen, 1842–1909, var dansk botanikar og gjæringsfysiolog. Han styrte den fysiologiske avdelinga på Carlsbergslaboratoriet i åra 1879–1909. Hansen gav ut ei mengd avhandlingar og var den første som reindyrka gjærsopp for bruk i ølindustrien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 28.11.2013