Hopp til innhold
X
Innhald

Emir Hindic

Emir (Hvidsten) Hindic, rappar frå Bergen. Han vann Spellemannsprisen i 2018 for albumet Mer av deg.

Emir Hvidsten er fødd 6. januar 1993 i Bergen, der han òg bur. Frå 2009 til 2012 gjekk han på Bergen Handelsgymnasium.

Hindic er kjend under fleire psevdonym. Som Onge $ushimane har han sidan 2013 vore ein del av rapduoen $ushi x Kobe. Gjennom kanalar som YouTube og SoundCloud gjekk duoen fort frå å vere eit lokalt til eit nasjonalt kultfenomen. I 2015 gav dei ut albumet Japan, med låtar som «Flasker på flasker» og «Flodbølge». Same året kom også låten «Tenker feil», som har hatt høg rotasjon i norsk radio og i strøymetenestene. Tekstane til $ushi x Kobe har ofte eit seksuelt innhald, der dei spelar på kor ulikt to menneske kan tenkje om kjærleik og tilfeldig sex.

Som soloartist bruker Hindic artistnamnet EMIR. Han debuterte med låten «Faller» i 2017. Med debutalbumet Mer av deg fekk han Spellemannsprisen i 2018 i kategorien urban. Medan musikken til $ushi x Kobe er hard og aggressiv, er rapmusikken til EMIR meir melodidriven. Tekstuniverset krinsar gjerne rundt temaa kjærleik og forelsking.

Saman med Mathias Humlen, som er den andre halvparten i $ushi x Kobe, og Andreas Høvset og Vetle Junker frå bandet Verdensrommet, er Hindic ein del av det musikalske prosjektet Softcore untd. Dei står bak låtar som «Skolebenken» (2017) og «Gi meg tid» (2019).

Kjelder

Henrik Sanne Kristensen: «– Jeg er ikke en teori-kis», tidal.com, publisert 20.10.2017: http://read.tidal.com/article/jeg-er-ikke-en-teori-kis [lesedato 18.9.2019]

Martin Bjørnersen: «Romstasjonen EMIR», klassekampen.no, sist oppdatert 27.2.2018: https://www.klassekampen.no/article/20180226/ARTICLE/180229963 [lesedato 18.9.2019]

Peikarar

EMIR: «Faller», youtube.com: https://youtu.be/tIhaZV9hgWw 

Facebook-sida til Emir Hindic, facebook.com: https://www.facebook.com/hindicemir/

Først publisert: 28.11.2019
Sist oppdatert: 06.01.2020