Hopp til innhold
Portrett av Erik Fosnes Hansen. Foto: Marcel Leliënhof/Cappelen Damm, med løyve for Allkunne.
Portrett av Erik Fosnes Hansen. Foto: Marcel Leliënhof/Cappelen Damm, med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Erik Fosnes Hansen

Erik Fosnes Hansen, fødd 1965, er forfattar Han har motteke Bokhandlarprisen to gongar.

Erik Fosnes Hansen, fødd 1965, er forfattar og debuterte med mellomalderromanen Falketårnet (1985), som er omsett til fleire språk. Hansen gav i 1990 ut romanen Salme ved reisens slutt med utgangspunkt i livshistoria til skipsmusikarane på "Titanic". Romanen er blitt ein stor kritikar- og salssuksess i heile den vestlege verda. Romanen Beretninger om beskyttelse kom ut i 1998 og Løvekvinnen i 2006. Fosnes Hansen skreiv portrettboka Underveis om prinsesse Märtha Louise i 2001. Han er matspaltist i VG og ein ivrig samfunnsdebattant. I 1990 fekk han Riksmålsprisen for Salme ved reisens slutt. To gongar har han fått Bokhandlarprisen, for Beretninger om beskyttelse i 1998 og for Løvekvinnen i 2006.

Først publisert: 18.04.2016
Sist oppdatert: 18.04.2016