Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Francis Hagerup

Francis Hagerup, jurist og politikar. Han var statsminister frå 1903 til 1905, då usemje om unionspolitikken førte til at han gjekk av.

Georg Francis Hagerup var fødd 22. januar 1853 i Horten og døydde i 1921. Hagerup var berre 42 år då han vart statsminister første gongen, 14. oktober 1895. Han er den tredje yngste statsministeren Noreg har hatt, nest etter Jens Stoltenberg og Gro Harlem Brundtland. Ikkje minst fordi regelen fram til 1895 hadde vore at statsminister var noko ein vart når ein var godt over 60 år, vart Hagerup sett på som ein frisk pust.
Hagerup sjølv hadde sett for seg ein juridisk karriere, og det fekk han då også i tillegg. Han vart både i samtid og ettertid rekna som ein av dei store innan rettsvitskapen i Norden. Motvillig sa han likevel ja til Emil Stang om å bli medlem i sentralstyret i Høgre i 1892, og vegen derifrå var ikkje lang til å bli justisminister i Stang si andre regjering. Dermed var han fanga inn, og i 12 år framover var han både vitskapsmann og politikar. Politikaren i han greidde likevel aldri å vinne over juristen. Det vart også hans endelykt som politikar.
Produktiv
I ungdomen starta Francis Hagerup først på medisinstudiet, men etter eit par år skifta han over på juss. Han fekk stipendium og studerte ved universiteta i München, Paris og Leipzig. Både doktorgradsarbeidet hans og andre bøker han skreiv vart grunnbøker i det juridiske studium for fleire generasjonar. Han var svært produktiv som forfattar av juridiske bøker, og både det å undervise og det å skrive lærebøker fekk han tid til ved sidan av det å vere både justisminister og statsminister.
Hagerup hadde ein enorm arbeidskapasitet, noko han hadde oppøvd frå ungdomen av. Det blir fortalt at han i studietida til og med studerte juss i feriane. Det var viktig heile tida «å ha damp på kjelen», som han sa. Ein annan eigenskap var at han var særs veltalande og flink til å ordlegge seg. Nettopp fordi han i så stor grad imponerte folk rundt seg med sine store kunnskapar og den klare talen sin, kunne han tidvis verke noko arrogant. Det er sagt om han at han hadde eit vulkansk temperament som han stort sett kontrollerte, men det røynde nok hardt på fleire gongar i den tida han var justisminister i Stang sin andre regjering. Då dreiv Venstre-fleirtalet i Stortinget med noko som minte sterkt om politisk mobbing, og det vart til og med gjort forsøk på å fjerne løyvinga til det professoratet han hadde på universitetet. Det fall med ei stemmes overvekt. Han vart aldri ein politikar av det store formatet. Til det var han for lite kompromissvillig og for mykje bunden av jussen. 
Unionspolitikken
Det var den såkalla 7. juni-avgjerda i Stortinget i 1895 som bana vegen for Hagerup som statsminister. I denne avgjerda konstaterte Stortinget med solid fleirtal (90 mot 24 røyster) at tida var inne til å prøve forhandlingsvegen i unionspolitikken. Venstrefleirtalets såkalla «knyttenevepolitikk» hadde ført til lite anna enn frykt for at svenskane ville nytte militærmakt, og i denne situasjonen sprakk den lause venstrekoalisjonen.
Fleirtalet av Venstre saman med Moderate og Høgre støtta at ein no måtte prøve forhandlingar. Kva slags regjering skulle så leie forhandlingane? Det vart langdryge forhandlingar, men nærast i løynd vart det ført samtalar mellom opposisjonelle både i Høgre og Venstre. Ein ønskte ei ny regjering, ein ny allianse på tvers av dei gamle partiskilja. Korkje leiinga i Venstre eller Hagerups eigen statsminister, Emil Stang, visste noko om det då Francis Hagerup steig fram som ny statsminister i ei samlingsregjering den 14. oktober 1895. Med i regjeringa kom fire frå Høgre, fire frå Venstre og to frå Moderate.
Dette var ei regjering med medlemer som var usamde i svært mange politiske saker, men som hadde fått eit mandat til å føre forhandlingar med Sverige. Det vart liksom den einaste saka.  Ein eigen forhandlingskomite vart nedsett, og så lenge denne var i arbeid, skulle fraksjonane i regjeringa la andre kampsaker kvile. Det var 7. juni-vedtaket som var regjeringa si politiske plattform. Nokon suksess vart denne regjeringa ikkje, men ho ga kanskje ein pustepause i unionskampen i Noreg, og ho viste norsk samling overfor svenskane.
Unionskomiteens forhandlingar med svenskane vart ein fiasko. I januar 1898 la komiteen fram konklusjonen sin om at partane ikkje hadde blitt samde. Hausten 1897 vann Venstre ein klar valsiger og i januar 1898 gjekk regjeringa Hagerup av. Francis Hagerup gjekk då attende til universitetet og jussen. Han ville helst sleppe meir politikk, men vart fanga inn att då Emil Stang ved hundreårsskiftet trekte seg som formann i Høgre. Hagerup vart etterfølgjaren og han vart også ved valet i 1900 innvald som representant for Kristiania. Venstre vann også dette valet, og Hagerup vart opposisjonsleiar.
Samlingspartiet
Francis Hagerup var ein varm tilhengar av unionen med Sverige. Det var han langt frå åleine om. Historikaren Jens Arup Seip skriv at i røynda var sterke krefter i Noreg gjennom store delar av det 19. hundreåret tilhengarar av unionen med Sverige. Han hevdar at det var i norsk indrepolitikk, i kampen mellom partia, at unionen gjekk tapt. Ikkje fordi Venstre ville vekk frå Sverige, men fordi det galdt å utmanøvrere Høgre. Til å vinne val med fungerte unionskampen godt, men like etter hundreårsskiftet tok kampen ei ny vending.
Juristen, diplomaten og den moderate Venstre-mannen Sigurd Ibsen, son til Henrik Ibsen, hadde laga ei utgreiing om konsulatsaka som kunne vise veg ut av striden med svenskane. Ibsen kom med i regjeringa etter at Johs. Steen vart bytt ut som regjeringssjef med den norske statsministeren i Stockholm, Otto Blehr, i 1902. Blehr hadde ei meir realistisk haldning til forhandlingar med Sverige, og på grunnlag av utgreiinga frå Ibsen kom slike i gang.
Opplegget var at både Noreg og Sverige skulle få sjølvstendig konsulatvesen, ordna med likelydande lover i begge landa, lover som det eine landet ikkje kunne endre utan etter samtykke frå det andre. Opplegget splitta Venstre, men i Høgre innsåg Hagerup til slutt at ei slik løysing kunne gi Noreg eige konsulatvesen utan at unionen kom i fare. Dermed gjekk Høgre framfor valet i 1903 inn for å programfeste eige norsk konsulatvesen, og fjerna med det den viktigaste unionspolitiske usemja med den moderate delen av Venstre.
Framfor valet i 1903 engasjerte også Christian Michelsen frå Bergen seg på nytt i rikspolitikken. Han hadde trekt seg ut i 1894, men no la han fram eit program for borgarleg samling. Han prøvde å få med seg Venstre, men det vart i staden Hagerup og Høgre som slo seg saman med dei liberale i flokken rundt Michelsen og andre moderate venstrefolk. Dei stilte til val under namnet Samlingspartiet og vann valet. Ved valet i 1903 fekk også Arbeidarpartiet for første gong inn fire representantar. Arbeidarpartiets framgang medverka nok til at Venstre tapte valet.
Hagerup hadde tenkt å trekkje seg ut av politikken før valet i 1903, men vart pressa til å stille på nytt. Etter valsigeren vart han den 22. oktober 1903, statsminister for ei regjering utgått av Samlingspartiet, men denne grupperinga bar i seg store indre motsetnader. Det kom snart til syne både i Stortinget og i regjeringa.
«Lyderikepunkta»
Første oppgåva for regjeringa var å føre vidare forhandlingane med Sverige. Frå norsk side hadde ein klar utkast til lover og organisasjonsplan for oppretting av eige konsulatvesen, men frå svensk side skjedde det lite. I november 1904 kom den svenske statsministeren, Erik Gustaf Boström, til Kristiania og la fram det svenske forslaget. Det har i norsk historie fått namnet «lyderikepunkta», og vart at den norske regjeringa oppfatta som eit klart brot med dei ein hadde blitt forlikte med svenskane om tidlegare.
Det var seks lyderikepunkt, og av dei framgjekk det at også dei norske konsulane skulle vere heilt avhengig av den felles utanriksministeren, og tradisjonen sa at han skulle vere svensk. Hagerup reiste til Stockholm og prøvde seg med forhandlingar, men det var nyttelaust. Svenske styresmakter trudde nok på det tidspunkt at Noreg ville gi seg, og at ei fast svensk line ikkje ville føre til unionsbrot, men utover vinteren 1905 tok gamle kong Oscar II til å ane uråd, og han prøvde å få til eit kompromiss i tolvte time, men utan at den svenske Riksdagen gjekk med på det.
Francis Hagerup var svært ulykkeleg over den vendinga denne saka hadde tatt. Hans standpunkt var at dersom unionen skulle brytast opp, så skulle det skje på statsrettsleg forsvarleg vis, og på ein slik måte at det ikkje vart skapt for mykje vondt blod på begge sider av Kjølen. Han var alvorleg redd for at det kunne bli krig, og han nekta å gi etter for kravet frå Christian Michelsen om einsidig aksjon frå norsk side for å bryte ut av unionen. Michelsen søkte avskil, og Hagerup opplevde at fleirtalet i hans eige parti støtta Michelsens aksjonsline. Då hadde han ikkje anna val enn å gå av.
Sendemann
Den 11. mars skipa Christian Michelsen ny regjering. Hagerup forsvann etter kvart ut av norsk innanrikspolitikk. Han vart utnemnd til norsk sendemann, seinare, først til København og etterpå fekk han også ansvar for Haag og Brussel. Før han reiste fekk kan likevel æra av å vere med i delegasjonen som reiste til København til å tilby den danske prinsen Carl å bli kongen i Noreg. Han aksepterte som kjent dersom folket valde han.
Etter kvart flytta Hagerup til Stockholm, der han var sendemann dei siste åra av livet sitt. I 1920 var han med i den internasjonale juristkomiteen som laga utkastet til statuttar for Den internasjonale domstol i Haag. Dette viser vel også at Francis Hagerup vart rekna som ein internasjonal kapasitet i folkerett. Han var også leiar for den norske delegasjonen til den første samlinga i Folkeforbundet i Geneve. Francis Hagerup døydde under eit opphald i Noreg i 1921.

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 12.03.2012
Sist oppdatert: 07.06.2013