Hopp til innhold
X
Innhald

Fredrik Heitkøtter

Fredrik Heitkøtter, naturoppsynsmann og forfattar, pioner innanfor norsk natur- og miljøvern.

Fredrik Heitkøtter var fødd 6. mai 1936 i Lesja og døydde 29. oktober 1990 på Fåberg. I ungdomsåra arbeidde han som handverkar og med jord- og skogbruk, før han tok realskuleeksamen som privatist. Han verva seg til FN-styrkane i Midtausten i midten av 1950-åra, tok politiutdanning og arbeidde i Vågå og Sel fram til 1962. Resten av livet arbeidde han med fiskeoppsyn og vassdragsvern.
Saman med brørne, Norman og Olaf, spela Fredrik Heitkøtter ei viktig rolle då Rondane (1962) og Reinheimen (2006) blei nasjonalparkar. Dei tre brørne var naturoppsynsmenn, naturfotografar og forkjemparar for rovdyr. Dei laga òg ei rekkje naturfilmar.
Heitkøtter var ein svært flink sakprosaforfattar, og han debuterte med Fra Breheim til Mjøsstrand (1979), der han skriv mot utbygginga av Jotunheimen og Breheimen og om vassdragsregulering, kraftutbygging og naturressursar. Så kom Hunderørret (1981) om auren i Hunderfossen etter kraftutbygginga, og i Villmarkshaust (1985) skriv han om urørt natur i Noreg.
Ut til vår og sommar (1987) og Ut til haust og vinter (1988) handlar om naturopplevingar i ulike årstider. Naturvern står igjen sentralt i Når naturen døyr. Utsyn frå Gråhø (1990). Heitkøtter skriv om kva forureininga gjer med tre, innsjøar og elvar, og han skildrar livet i naturen på ein meisterleg måte.
Heitkøtter fekk kulturprisen for Gudbrandsdalen i 1971 (i lag med brørne), Sunnmørsprisen i 1979, Melsomprisen i 1980 og blei utnemnd til heidersmedlem i Oppland Naturvern i 1986. I 2009 blei Heitkøtters Naturvernpris stifta for å ære dei tre Heitkøtterbrørne.
Kjelder
Gro Heitkøtter, SMS 18.10.2011
Ottar Grepstad: «Olav vandraren og Fredrik kritikaren», Retorikk på norsk. Oslo 1988
Terje Kleiven: Dei gav oss ein arv – historia om Heitkøtterbrørne. Oslo 2009
Peikarar

Først publisert: 28.02.2012
Sist oppdatert: 01.03.2012