Faktaboks

Friedrich Hölderlin

Johann Christian Friedrich Hölderlin

Uttale
hˈölderlin
Fødd
20. mars 1770, Lauffen am Neckar
Død
7. juni 1843, Tübingen
Friedrich Hölderlin
Friedrich Hölderlin malt av Franz Karl Hiemer (1792).
Hölderlintårnet i Tübingen
Hölderlintårnet i Tübingen

Friedrich Hölderlin

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Friedrich Hölderlin var ein tysk diktar på 1800-talet som skreiv poesi som vert rekna til det beste i tysk lyrikk. I litteraturhistoria vert han sett på som ein overgangsfigur mellom klassisismen og romantikken.

Hölderlin var svært oppteken av den greske antikken, noko som syner seg i romanane og lyrikken hans. Mellom dei mest kjende verka hans er Hyperion. Diktinga hans vart først anerkjend etter andre verdskrigen.

Biografi

Friedrich Hölderlin var fødd i Lauffen i Sør-Tyskland. Han gjekk på latinskule i Nürtingen og gymnas i Denkendorf og Maulbronn. Deretter byrja han å studere teologi i 1788 ved universitet i Thübingen saman med mellom andre Georg Wilhelm Friedrich Hegel og Friedrich Schelling. Samtidig las han filosofi og litteratur. I 1793 tok han avsluttande eksamen som prest. Han praktiserte aldri i presteyrket, men tente til livsopphald som huslærar. I 1790 skreiv han ei magisteravhandling om antikk kunst.

Hölderlin lét seg inspirere av ideane frå den franske revolusjonen, noko som kjem til uttrykk i dei tidlege hymnane hans.

Huslærar

Etter avslutta teologistudium byrja Hölderlin i 1794 som huslærar hos Charlotte von Kalb, ei venninne av Friedrich Schiller. På denne tida hadde Hölderlin kontakt med Johann Gottlieb Fichte og Schiller. Schiller sin filosofiske lyrikk var førebilete for Hölderlin sine tidlege hymnar, som er sterkt prega av fridomspatos og krinsar rundt tema og motiv som mellom anna kjærleik, venleik og ungdom.

Frå 1796 var han huslærar hos bankieren Jakob Friedrich Gontard (1764–1843) i Frankfurt. Møtet med Gontards ektefelle Susette (1776–1802) fekk avgjerande påverknad på diktinga hans. I verka sine kalla han henne for Diotima. Som for kunsthistorikaren Johann Joachim Winckelmann var Hölderlin sitt ideal antikkens Hellas. Her meinte han å finne ein humanisme som står nær det guddommelege. Diotima var symbolet for denne perfeksjonen.

Sjukdom

Hausten 1798 måtte Hölderlin forlate Frankfurt etter eit kraftig oppgjer med Gontard. Etter nye forsøk som huslærar blei Hölderlin sin mentale sjukdom stadig tydelegare. Eit institusjonsopphald i 1806 var utan resultat, og i 1807 vart han utskriven og karakterisert som ulækjeleg sjuk. Heilt fram til han døydde i 1843, budde han hjå snikkaren Ernst Zimmer i Tübingen, der han fekk nødvendig pleie. Han budde i eit tårn som seinare gjekk under namnet Hölderlintårnet.

Forfattarskap

Det var forfattar Hölderlin ville vere, og han skreiv romanar og dikt, og han omsette verk. Alt i studietida fekk han publisert dei første dikta sine, inspirerte av den franske revolusjonen. Hovudtyngda av det litterære livsverket hans er lyrikken. I 1826 kom den første diktsamlinga, men mesteparten av det han skreiv, vart gitt ut etter at han var død.

Hölderlin meinte at forfattaren skulle framkalle dei guddommelege maktene i diktarverket. I korte oder med antikke strofeformer, påverka av den greske diktaren Pindar, vender Hölderlin seg mot livets urelement: himmel, eter, jord og natur. Men som ein evig trussel heng einsemda og lidinga over mennesket når det riv seg laus frå sitt guddommelege opphav.

Han omsette Sofokles-verka Antigone og Kong Oidipus til tysk.

Prosa

Romanen Hyperion, eller eremitten i Grekenland, (1797–1799, norsk omsetjing 1993) skildrar ein gresk gut som kjempar mot tyrkarane og prøver å ta att fridomen til grekarane. Hölderlin si interesse for gamalgresk kultur følgde han heile livet. I Hyperion handlar det om dei skapande og destruktive kreftene i livet og kva som driv ein person og ein sivilisasjon mot undergangen. Hölderlin si meining med verket var nok å peike på at det var trong for ei fornying av den tyske nasjonen. Med si idealistiske fridomsånd ynskte han ei frigjering av folkelege revolusjonære krefter.

I dramaet Empedokles' død (Der Tod des Empedokles, 1798–1800) er det menneskeleg overmot som er temaet. Vismannen Empedokles set seg som mål å femne om alt, men undervegs mot målet gjer han ende på seg sjølv ved å kaste seg i Etna.

Både Hyperion og Empedokles' død krinsar om geniet si rolle, om einsemd og tap av meining. Dette er motiv som går att i Hölderlin si dikting. Hyperion og Empedokles levde i ei tid då himmel og jord og alt hang saman. Det gjer det ikkje lenger, for i opplysningstida skil gudar og menneske lag, og fornufta fortrengjer andre dygder, eit verdsbilete som nører diktaren si livsuro.

Hölderlin var ingen motstandar av vitskap og fornuft, men ville sameine det rasjonelle og det mytologiske. Han meinte at ein treng begge typar erkjenning for å uttrykkje menneskeleg erfaring.

Lyrikk

Etter å ha prøvd seg i ulike litterære former vart poesien den føretrekte sjangeren hans, og diktinga måtte vere på morsmålet. Vanlege folk, ikkje berre lærde, skulle bidra til tenking og utvikling. Frå rundt 1800 skreiv han i hovudsak dikt, som var stadig meir frigjorde frå klassiske formreglar. Åra frå 1800 til 1806 var høgproduktive. Då skreiv han flesteparten av dei dikta som seinare vart gullstandarden i tysk lyrikk.

Dikta til Hölderlin er prega av både klassisisme og romantikk, dels skrivne etter strenge formkrav, dels i frie former. Temaa er ofte henta frå gresk oldtid. Nokre handlar om universelle opplevingar, andre har nasjonalromantisk innhald. I 1846 vart dei samla dikta hans gitt ut. Seinare vart det funne stadig nye dikt som vart publiserte.

Dei tidlege hymnane til Hölderlin syner påverknad frå Klopstock, mellom anna for bruk av det antikke metrum (elegiene Menons Klage um Diotima, Der Wanderer, Brot und Wein). I Hölderlins seinare lyrikk kjem det mytiske tydelegare fram. Her kjem også førestillinga om fedrelandet inn i den mytiske sfæra som legg vekt på dei tidlause kreftene i tilværet (odene Der Main, Der Rhein, Heidelberg).

I dei seinare hymnane sprenger visjonane dei metriske grensene, og Hölderlin finn fram til friare rytmar. Etter kvart vert alle grammatisk-logiske samanhengar løyste opp, diktet beveger seg mødesamt frå ord til ord i dunkle fråsegner. Eit utval av dikta hans finst i norsk omsetjing Kom no eld! Dikt i utval 1799–1806 (1996, omsett av Torgeir Skorgen).

Samtida til Hölderlin var prega av uro, også i det indre livet hans. Melankolien gjekk over i depresjonar, og i 1807 vart han erklært sinnssjuk. Dette hindra han ikkje i å dikte lenger. Det siste han gjorde ferdig før han døydde, var ein songsyklus, i 1841–1843, utgitt under pseudonymet Scardanelli.

Ettermæle

Hölderlin fekk lite heider i samtida. Han var ukjend for eit breiare publikum før dei to verdskrigane på 1900-talet, då fedrelandssongane hans vart brukte til å kveikje opp krigsviljen. Først etter andre verdskrigen kom den positive anerkjenninga. Dei samla verka hans vart utgjevne i 1977–1993. Dikta hans fekk plass på den øvste hylla i tysk lyrikk. Det vart sett tonar til dikta og laga filmar om diktaren.

I nyare tid har verka og skjebnen til Hölderlin danna bakgrunnen for nye litterære verk; mellom anna har det revolusjonære sinnelaget inspirert Peter Weiss i Hölderlin (1971) og Peter Härtling i sin roman Hölderlin (1976).

I Noreg kom Hyperion på norsk i 1993 og utvalde diktsamlingar i 1996 og 2007.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg