Hopp til innhold
Koparstikk av Georg Friedrich Händel, laga av Dickinson. Foto: Stifts- och landsbiblioteket i Skara, Flickr.com CC BY 2.0
Koparstikk av Georg Friedrich Händel, laga av Dickinson. Foto: Stifts- och landsbiblioteket i Skara, Flickr.com CC BY 2.0
X
Innhald

Georg Friedrich Händel

Georg Friedrich Händel, tysk, seinare engelsk, komponist. Han var den første komponisten til å verte framført uavbrote heilt fram til vår tid, og oratoriet Messias er eit av dei oftast oppsette klassiske verka vi har.

Georg Friedrich Händel var fødd 23. februar 1685 i den tyske byen Halle og døydde 14. april 1759 i London. Faren ville ikkje at han skulle verte musikar, men planla at han skulle verte advokat. Händel studerte juss frå 1702 i Halle, men slutta året etter for å spele i operaorkesteret i Hamburg. I 1706 reiste han til Italia, sentrum for operakunsten den gongen, og fekk sett opp fleire operaer og oratorium der dei neste åra.
I 1712 flytta han til London, der han vart buande resten av livet. Han skreiv 42 operaer og 29 oratorium, mellom dei Messias (HWV 56), det verket av Händel som vert mest framført i dag. I tillegg skreiv han mange kjende verk for kongelege tilstellingar.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Frå oratoriet Messias, den kjente delen Halleluja-koret, som avsluttar andre del av verket.
Han vart ekstremt populær i London, og komponerte, meir enn nokon før, for den framveksande borgarskapen, ikkje berre for dei privilegerte. Dette var mogleg på grunn av støtta frå den engelske kongefamilien, som opphavleg kom frå Tyskland og gav han ei sjenerøs løn utan mange spesifikke arbeidskrav. Då han døydde, 74 år gamal, kom meir enn 3000 menneske til gravferda hans.
Verka hans vert oftast organiserte etter «Händel-Werke-Verzeichnis»-katalogen, forkorta HWV.
Halle og Italia
Som ung fekk Händel musikkundervisning av Friedrich Zachow, organist i Liebfrauenkirche i Halle. Han fekk tidleg interesse for opera, og forlét heimbyen i 1703 for å spele i operaorkesteret i Hamburg. Der vart den første operaen hans, Almira (HWV 1), framført i januar 1705.
I 1706 fór han til Italia for å lære meir om den italienske operaen, og han fekk sett opp både operaer og oratorium der. I desember 1709 oppnådde Agrippina stor suksess i Venezia, noko som, takka vere det internasjonale publikummet, gjorde han kjend over heile Europa. Han vart tilsett som kapellmeister hos kurfyrsten av Hannover, den seinare George 1. av England, i 1710.
Etablering i England
I 1711 reiste han til London for å setje opp Rinaldo (HWV 7), den første nye italienske operaen som vart sett opp der. Operaen vart ein enorm suksess, og då han kom attende til England i 1712, vart han verande der.
Forholdet hans til dei engelske kongane var godt, og dei gav han god løn utan særleg arbeidskrevjande oppgåver. Nokre av verka han skreiv for kongane, vert framleis spela, slike som Water Music (1717, HWV 348–350), Music for the Royal Fireworks (1749, HWV 351) og kroningshymna Zadok the Priest (HWV 258), skriven til George 2. si kroning i 1727 og framført ved alle kroningar i England sidan.
Operaentrepenøren
I 1719 starta ei gruppe velståande britar operaselskapet The Royal Academy of Music, med Händel som musikalsk leiar. Operaene hans hadde klassiske handlingar og er kjenneteikna av stor variasjon i ariane, frå imponerande koloraturløp til sjelfulle, enkle melodiar prega av den lutherske bakgrunnen hans. Dei fremste verka frå denne tida er Giulio Cesare (HWV 17), Tamerlano (HWV 18) og Rodelinda (HWV 19).
I 1729 vart the Royal Academy of Music nedlagt, men Händel heldt fram med å komponere og tok no på seg rolla som impresario i tillegg. Han skreiv ei rekkje operaer fram til 1741, men den intense rivaliseringa med konkurrerande operaselskap gjorde det vanskeleg å få det til å gå rundt.
Det engelske oratoriet
Sidan det første opphaldet i Italia hadde Händel skrive fleire oratorium, og då operasesongen i 1739 måtte avlysast, skreiv han to oratorium i staden, Saul (HWV 53) og Israel in Egypt (HWV 54). Han la større vekt på koret enn vanleg, inspirert både av den tyske bakgrunnen sin og den sterke engelske kortradisjonen. Han oppdaga snart at det var enklare å oppnå profitt når han skreiv engelske oratorium, sidan han slapp utgiftene til kostyme og kulissar, og han trong ikkje hyre inn italienske songarar.
Kombinasjonen av korsatsar med ariar og resitativ kombinerte alle vokalsjangrane han var best i, og i 1742 tok han det endelege steget, med Messias (HWV 56), det kanskje aller fremste verket han har komponert. Her oppnådde han ein ideell balanse mellom koret og solistane, og den eineståande evna hans til å gjere musikken god å syngje for koristane har vore sentral i den ubrotne framføringstradisjonen verket har hatt sidan premieren.
Ettermæle
Der Bach vart gløymd og så attfunnen, vart Händel, som den første i historia, framført uavbrote heilt frå si eiga tid til vår. George 3. sette opp ein festival i 1784 for å feire Händel sitt hundreårsjubileum, og kringom i dei engelske og tyske språkområda dukka det snart opp amatørkorforeiningar bygde rundt oratoria hans.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Mezzotint-trykk av komponistane Bach, Gluck, Haydn, Händel og Mozart. Foto: Stifts- och landsbiblioteket i Skara, Flickr.com CC BY 2.0
Mezzotint-trykk av komponistane Bach, Gluck, Haydn, Händel og Mozart. Foto: Stifts- och landsbiblioteket i Skara, Flickr.com CC BY 2.0
I Noreg er det særleg Messias som vert framført ofte, men i seinare tid har det vorte ei fornya interesse for operaene, med nyoppsetjingar av mellom anna Giulio Cesare og Alcina (HWV 34) ved Den Norske Opera.
Kjelder
Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music (Sixth Edition). New York 2001
Torkil Olav Baden: «Julius Cæsar». Melding av Den Norske Opera si oppsetjing: http://www.nrk.no/kultur/julius-caesar-1.3934356 [lesedato 12.5.2014]
Anthony Hicks: «Handel, George Frideric» i Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/40060pg22 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 12.5.2014]
Den Norske Opera si temaside om Alcina: http://operaen.no/forestillinger/arkiv/opera/2013-2014/alcina/ [lesedato 12.5.2014]

Først publisert: 20.10.2014
Sist oppdatert: 20.10.2014