Hopp til innhold
X
Innhald

George de Hevesy

George de Hevesy, 1885–1966, var ungarsk fysikar. Han undersøkte næringsstoff si spreiing og omsetning og andre kjemiske prosessar i levande organismar ved hjelp av små tilsetningar av radioaktive stoff i næring, såkalla «merkte atom».
 
de Hevesy fekk nobelprisen i kjemi i 1943 og Atoms for Peace-prisen i 1959.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011