Hopp til innhold
X
Innhald

Gerhard Henrik Armauer Hansen

Gerhard Henrik Armauer Hansen, 1841–1912, bror av Klaus Hanssen, var lege og vigde seg heilt til forskinga på spedalsksjuke. Han påviste først at sjukdomen ikkje var arveleg. I 1873 fann han leprabasillen som kallar fram spedalsksjuke, og som i fleire land blir kalla Hansens basill. Frå 1875 var Hansen overlege for spedalsksjuke i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.04.2012
Sist oppdatert: 28.02.2019