Hopp til innhold
Gro Holm
Gro Holm
Foto: Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum
X
Innhald

Gro Holm

Gro Holm, forfattar frå mellomkrigstida og den første norske kvinna av bondestand som skreiv romanar. I realistiske og halvdokumentariske bøker allierte ho seg med bondekvinnene og kritiserte romantiseringa av det gamle bygdesamfunnet.

Gro Prestegard Holm var fødd 5. oktober 1878 i Odda og døydde 25.august 1949 på same staden. Ho voks opp på ein gard som nest eldst av fire systrer og var odelsjente. Ho hadde inga formell utdanning etter folkeskulen, men las mykje og øvde seg på å skrive i den handskrivne avisa til Odda ungdomslag, der ho var redaktør.
 
Gro Holm budde i periodar saman med mannen sin, ingeniør og biletkunstnar Olav Paulson Holm, i Oslo, Sverige, Berlin og Paris. Frå 1920 dreiv ho morsgarden Bergjaflot i Odda.


Holm debuterte 54 år gammal med romanen Sut og skreiv i alt sju bøker. Sut blei skriven til ein stor nordisk romankonkurranse i 1931. Manuset fekk ikkje premie, men kom ut på Gyldendal året etter. Deretter kom romanane Odelsjord, 1933, og Kår, 1934, som følgde opp personar, handling og tematikk. Dei tre bøkene kom i 1951 ut samla med tittelen Løstølsfolket.  

Avromantisering av bygda
Historia om Løstølsfoket har ein eg-forteljar, kårkona Brita Løstøl, som fortel om livet sitt på ein liten vestlandsgard på slutten av 1800-talet. Vi følgjer to generasjonar i småbrukarfamilien gjennom ”det store hamskiftet” i norsk jordbruk, med oppstykking av bruk, sterk folkevekst og utvandring til Amerika.
 
Holm skildrar bygdemiljøet frå bondekona sitt perspektiv, viser fram slitet med gardsarbeidet og dei mange barnefødslane, og viser korleis mannssamfunnet rundt bondekona overser og nedvurderer. Løstølsfolket er krass og dokumentarisk realisme om kvinneundertrykking i eit mannsmiljø.
 
Bygdesamfunnet er nådelaust avkledd og avromantisert i desse bøkene. Den vesle hardangerbygda er framstilt som trong og grå og ein stad der folket slit seg ut i åndeleg og materiell fattigdom. Bøkene fekk motstand då dei kom, bygdefolket såg det som svartmåling, men om kritikken i dei er krass, er bøkene likevel solidariske med bygdesamfunnet og kvinnene.


 
Om kulturar i forandring
Gro Holm skreiv tidsaktuelt og innsiktsfullt. Samfunn og kultur i endring er tema både i trilogien om Løstølsfolket og i romanen De hvite kull, 1936. Her skildrar ho omformingsprosessen frå bondesamfunn til industristad. Det handlar om industrialiseringa av Odda og den gamle bondekulturen som bryt saman.
 
Holm var kritisk til mykje av det som følgde med industrialismen og pengeøkonomien, men ho var ingen nostalgikar som ville tilbake til det gamle. Denne romanen er også eit stykke arbeidarlitteratur, eit tidsaktuelt uttrykk for alliansen mellom det framveksande sosialdemokratiet og den norske industribygda.
 
I romanen Hjelpelaus, 1946, er ei bondekone igjen hovudpersonen, og i Monsens hotell, 1948, skildrar ho ein familie i oppløysing.


 
Avmektige hushjelper
Takk så var det ikke mer, 1939, er ein sosial tendensroman om verjelause og rettslause hushjelper, som i mellomkrigstida sleit med dårleg løn og lite fritid. Holm skriv lett og underhaldande om forholda i velståande og borgarlege heimar der husmora hadde all makt over tenestejenta. Dette var igjen eit tidsaktuelt tema. Kravet om ei lov som skulle regulere arbeidsvilkåra for hushjelpene, gjekk tilbake til slutten av 1800-talet og blei på nytt aktuelt då Arbeidarpartiet danna regjering i 1935. Boka er eit apropos eller eit innlegg i denne lange debatten. 

Forteljekunst
Gro Holm var ein svært god forteljar. Ho samla historier og formuleringar frå kvardagen rundt seg, gode poeng og slåande og underfundige replikkar, og kunne presentere dette med humor og ironi i lag og forsamlingar. Denne folkelege og munnlege stilen med presist og godt skildra folkeliv er mønsteret også i romanane.
 
Ho skreiv på både nynorsk og bokmål. Romanane De hvite kull og Takk så var det ikke mer (1927) er på bokmål, medan trilogen om Løstølsfolket og dei to andre romanane, Hjelpelaus og Monsens hotell, er skrivne på nynorsk.


Kjelder
Arnbjørg Hageberg: «Gro Holm», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001
Irene Engelstad (red.): «Eit grepa kvinnfolk og en nådeløs realist», i Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 2. Oslo 1989, s. 198–204
 
Vidare lesing
Dannemark, Nils I.S.: "Gro Holm - ei av dei glømte kvinnene i den nynorske litteraturen". Syn og segn 84 (1978), 605-20
NBL 2. utg.
Steinfeld, Torill: "Et grepa kvinnfolk og en nådeløs realist". Engelstad, Irene m.fl., red.: Norsk kvinnelitteraturhistorie, b. 2, 1989, 198-204

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 02.07.2009
Sist oppdatert: 21.06.2018