Hopp til innhold
Gunvor Hofmo. Foto: ndla.no/NTB scanpix CC BY-NC-SA.
Gunvor Hofmo. Foto: ndla.no/NTB scanpix CC BY-NC-SA.
X
Innhald

Gunvor Hofmo

Gunvor Hofmo, poet. Med sine mørke dikt om smerte, sorg og tap er Hofmo ein av dei viktigaste modernistane i norsk lyrikkhistorie.

Gunvor Hofmo var fødd 30. juni 1921 i Oslo og døydde 14. oktober 1995 same staden. I 1942 byrja ho på kveldskurs på «Artiums- og realskolekurset», og i 1943 tok ho realskuleeksamen. Examen artium tok ho som privatist i 1945. Hausten 1945 gjennomførte ho førebuande prøver i filosofi ved Universitetet i Oslo, men gjekk aldri vidare med studia.

Frå 1940 til 1942 reiste ho rundt i Noreg og tok seg ulikt småarbeid saman med venninna Ruth Maier. I løpet av denne tida prøvde ho seg mellom anna som sekretær, dekoratør, fabrikkarbeidar og gartnarlærling. Seinare var Hofmo forfattar på heiltid.

Hofmo debuterte i 1946 med diktsamlinga Jeg vil hjem til menneskene. Dei neste ti åra gav ho ut fire samlingar til, før ho var taus i seksten år. I denne tida kom Samlede dikt (1968) ut. I 1971 byrja ein ny poetisk raptus, og ho gav ut femten samlingar, frå Gjest på jorden (1971) til Epilog (1994). Ei ny utgåve av Samlede dikt kom i 1996, og Etterlatte dikt kom året etter. Prosaen til Hofmo er samla av Jan Erik Vold i Mørkets sangerske. En bok om Gunvor Hofmo (2000).

Venskapen med Ruth Maier stod heilt sentralt i livet til Hofmo. Maier blei drepen i Auschwitz i 1942, ei hending som framfor noko anna har prega diktinga til Hofmo. Hofmo tok vare på dagbøkene til Maier, som blei utgitt av Jan Erik Vold i 2007.

Hofmo fekk Kritikarprisen i 1971 for Gjest på jorden. Ho fekk Gyldendals legat i både 1951 og 1974. I 1982 fekk ho Doblougprisen og i 1989 Riksmålsforbundets litteraturpris.

Den første fasen

Hofmo si dikting er delt i to fasar, med ein lang, taus periode mellom dei. Ho voks opp på austsida av Iladalen i Oslo, i ein murbygning som husa fleire medlemmer frå storfamilien. I arbeidarmiljøet som familien var del av, møtte Hofmo tidleg politiske problemstillingar, og gjennom krigsåra var det mange motstandsfolk i det sosialistiske og antinazistiske nærmiljøet hennar.

Hausten 1940 møtte ho Ruth Maier, som var jøde og hadde flykta til Noreg frå Austerrike i januar 1939. I to år hang Hofmo og Maier saman i tjukt og tynt, delte interessa for språk og litteratur, reiste rundt i Noreg eller vandra rundt i gatene i Oslo. 26. november 1942 blei Maier deportert frå Oslo via Stettin og vidare til Auschwitz saman med 532 andre jødar på fangeskipet «Donau». I eit brev til forleggjaren sin, Sigmund Moren, i 1953 omtalte Hofmo Maier som «tvillingsjela» si. Drapet på denne åndelege tvillingen prega både livet og forfattarskapen til Hofmo. Diktet «Jeg har våket», som på fleire måtar er eit nøkkeldikt, er skrive om Maier.

Diktdebuten Jeg vil hjem til menneskene sprang tydeleg ut frå dei vonde røynslene frå den andre verdskrigen. Alt i tittelen på samlinga merkar ein at dei grufulle hendingane under krigen har endra noko fundamentalt for poeten. Det er ein mørk, melankolsk tone i dikta, som oftast krinsar rundt einsemd, sorg og kjensla av å vere heimlaus: «Gud, hvis du ennå ser:/ det er ingen hverdag mer» er ei talande verselinje.

Også i dei påfølgjande samlingane dikta Hofmo om mørke, dystre tema. I åra etter krigen budde ho i Frankrike i to periodar – først i Paris hausten 1947, så i Bretagne våren 1950. Ho reiste elles mykje, og ho gav ut Fra en annen virkelighet (1948) og Blinde nattergaler (1951) i løpet av desse åra. Frå 1951 til 1953 budde ho på Sørlandet, utanfor Tvedestrand, saman med poeten Astrid Tollefsen (1897–1973), som ho levde i eit forhold med. I 1953 braut ho saman psykisk, og i over 20 år var ho periodevis innlagd på Gaustad sykehus og andre psykiatriske institusjonar. Testamente til en evighet, frå 1955, blei av mange rekna som ei avslutning av forfattarskapen.

Det tause mellomspelet

Det såg lenge ut til at Testamente til en evighet skulle bli den siste samlinga til Hofmo. Ho skreiv nesten ikkje i heile seksten år. Mellom 1955 og 1960 budde ho for det meste heime, og levde eit tilnærma normalt liv med sjukdomen. I desse åra dukka det òg opp nokre få enkeltdikt i ulike publikasjonar, sist i Vinduet i 1961.

Det er elles ikkje så mykje vi veit om desse åra i livet til Hofmo, sjølv om sjukehusjournalar og legeattestar fortel sin del av historia. I 1963 kom antologien Treklang ut, der Hofmo, Tollefsen og Astrid Hjertenæs Andersen hadde gjort eit utval av eigne dikt. Men ingen nye dikt dukka opp frå Hofmo, og i februar året etter blei ho køyrd til legevakta etter eit sjølvmordsforsøk. Frå 1964 til 1975 budde ho permanent på Gaustad. Gyldendal gav ut Samlede dikt i 1968, og det litterære Noreg rekna forfattarskapen som avslutta – bøkene hennar var allereie moderne klassikarar.

Den andre fasen

Tre år seinare, i 1971, gav Hofmo ut Gjest på jorden, og innleidde ein ny og intensiv fase i diktinga si. Samlinga fekk Kritikarprisen, noko som førte til skrivelyst og inspirasjon. Dei neste åra kom samlingane på løpande band: November (1972), Veisperringer (1973) og Mellomspill (1974). Frå byrjinga av forfattarskapen gjorde Hofmo eit modernistisk brot med bundne verseformer, men nytta likevel restar av dei, som rim og oppattaking, i det utprega visuelle formspråket sitt.

I 1975 blei Hofmo utskriven frå Gaustad sykehus og flytta til ei leilegheit på Simensbråten i Oslo. Ho levde resten av livet her og gav ut ein straum av nye diktsamlingar, mellom anna Hva fanger natten (1976), Stjernene og barndommen (1986) og Navnløst er alt i natten (1991). I mange av samlingane frå 1970- og 80-åra var ho meir inspirert av imagismen enn av ekspresjonismen, som hadde prega den første fasen hennar. Dette er kanskje aller tydelegast i diktet «En hvit rose» frå Det er sent (1978). Samstundes er Hofmo sine dikt symbolistiske, i tradisjonen etter Sigbjørn Obstfelder. Dei har òg likskap med holocaust-poetar som Paul Celan og Nelly Sachs, men lyser samstundes på ein særeigen måte. I 1994 gav Hofmo ut Epilog, og året etter døydde ho.

I norsk samanheng er Hofmo ein makelaus poet, og med tanke på den allmennmenneskelege tematikken er det nærmast eit mysterium at dikta hennar ikkje er blitt omsette til fleire språk. «Mørkets sangerske» blir likevel ståande som ein av dei sentrale modernistane i norsk litteraturhistorie. Som Olav H. Hauge sa det: «Ho er (…) ein av dei største lyrikarane me har hatt. (…) Ho valde å gå mot myrkret, mot det ukjende, uvisse, inn i myrkret».

Kjelder

Sissel Furuseth: Mellom stemme og skrift. En studie i Gunvor Hofmos versifikasjon, doktorgradsavhandling ved NTNU. Trondheim 2003

Ole Karlsen (red.): En vei som skumrer mine bilder frem. Om Gunvor Hofmos forfatterskap. Oslo 2002

Jan Erik Vold: Mørkets sangerske. En bok om Gunvor Hofmo. Oslo 2000

Jan Erik Vold: Fem stemmer. Oslo 2010

Jan Erik Vold: «Gunvor Hofmo», Norsk biografisk leksikon: https://nbl.snl.no/Gunvor_Hofmo [lesedato 12.1.2015]

Peikarar

NRK-dokumentaren «Fra en annen virkelighet»

Arne Thorvik: «Stjernene og barndommen: om det vitale hos Gunvor Hofmo»

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 24.08.2015