Halvor Hoel
Halvor Hoel, 1766–1852, var bonde og kjempa innbite for bøndene sine interesser mot «dei kondisjonerte» (embetsstanden). Hoel vart skulda for å stå bak bondetoget til Christiania i 1818 til protest mot sølvskatten. Han vart dømd til eitt års festningsarbeid, men fekk nåde av Karl Johan.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 15.02.2016