Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Hyldbakk

Hans Hyldbakk, forfattar og lokalhistorikar, skreiv «Vårsøg» og andre folkekjære dikt – og meir enn 11 000 sider lokalhistorie.

Hans Hyldbakk var fødd i Surnadal 8. mai 1898, og døydde der 18. august 2001. Han debuterte med diktsamlinga Harpespel i 1929. Nynorsken hans fekk tidleg ein munnleg, nordmørsk grunntone, som han brukte både i dikt og sakprosa. Fleire av dei mest kjende dikta er skrivne på dialekt. Han skreiv òg om lag 11 000 sider lokalhistorie, mellom anna i bygdebøker for seks kommunar. Spalta «Brev frå Kleiva» i avisa Driva var folkelesnad på Nordmøre og i Romsdal i nesten 30 år. Den tiande diktsamlinga hans kom ut det året han fylte hundre år.

Dikt som «Vårsøg» og «E slåttatæja», med tone av sambygdingen Henning Sommerro, er blant dei kjæraste nyare visene våre. Samarbeidet gjorde lyrikken til Hyldbakk landskjend.

Sjå gruppa Vårsøg framføre "E slåttatæja" under Spellemannsprisen 1978:


Hyldbakk fekk mellom anna fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal og Kongens fortenestemedalje i gull. Han gav heimen sin på Kleiva og alle pengane sine – ein million kroner – til Surnadal kommune, som årleg deler ut Kleivaprisen og tilskot frå Kleivafondet. Pengane skal gå til «kulturelle og lokalhistoriske føremål, unnateke stjerneidrett og fotball».

«Småkårsfolkets historikar»

Sjølv sa han ofte at dikta berre var «biprodukt», det lokalhistoriske arbeidet var viktigast. Øvst sette han pionerverket Husmenn og husmannsplassar i Surnadal (1942). Han var den første som systematisk samla og gav ut slektshistorie om husmannsstanden, og «dei små» går att i alt han har skrive – dei som stridde i små kår, men som ikkje levde små liv.

Eg drog dei glømte opp til solforgylling

og skreiv til husmenn all mi diktarhylling 

Slik uttrykkjer Hans Hyldbakk seg i diktet «Tankar på nittiårsdagen min». Diktaren og historikaren var eitt. Han skreiv poesi i historia og historie i poesien. Alle bygdebøkene hans kom mellom 1942 og 1972. Alle diktsamlingane, med eitt unntak, kom ut før 1942 og etter 1972. Det vil ikkje seie at han berre skreiv historie i 30 år, men fortel korleis den arbeidssame og nøysame Hyldbakk måtte prioritere for å leve av skrivinga.

Vårsøget

På spørsmålet om han hadde nokon livsfilosofi, svarte 103-åringen Hans Hyldbakk: «Du skal leve i sanning og ikkje gi deg ut for nokon annan enn du er. Berre smålyge litt når det trengst ...»

Ei av småløgnene hans var at han slett ikkje hadde ambisjonar som skjønnlitterær forfattar. Han bar på ein draum om å skrive den store romanen, men opplevde å bli refusert då han var tidleg i 30-åra, og la draumen til sides. Han kom aldri inn i noko litterært miljø. Rett nok var Hyldbakk medlem av Den norske Forfatterforening i godt over 60 år, men var berre på eitt einaste møte. Då han døydde, var han den eldste medlemen i forfattarforeininga.

Nordmøre folkehøgskule i Surnadal var avgjerande for forfattaren Hyldbakk. Skulen starta avisa Heimveg, der Hyldbakk skreiv frå første utgåve i 1924. Frå 1939 var han redaktør, og han la ned avisa i ein open protest mot nazifiseringa i 1942. Diktet «Vårsøg» skreiv han i april 1945. Tittelen rommar altså meir enn «susing av vind og rennande vatn om våren», som er den vanlege tydinga av ordet.

Sjå Henning Sommero framføre "Vårsøg" på Josefine Visescene i april 2016. Vokal/Piano: Henning Sommero. Munnspel: Sigmund Groven. saksofon: Jon Pål Inderberg.

Bok og scene

Lyrikaren Hyldbakk skreiv rytmesikkert i bunden form. Han er med i mange dikt- og viseantologiar. Surnadal Heimbygdlag gav ut Vårsøg, dikt i samling i 1990.

I tillegg til dei ti diktsamlingane skreiv Hyldbakk seks prosabøker og sju jubileumsskrift. Han var lokal medarbeidar i Norsk OrdbokSæterbruk i Noreg og Gards- og grannesamfunn i Norge.

Teaterstykket No skin det sol (1995), Hyldbakk-tekstar samla av Vidar Sandem, sette publikumsrekord for Teatret Vårt i Møre og Romsdal. Til 100-årsdagen i 1998 kom biografien om Hans Hyldbakk, og i 2008 eit utval dikt og tekstar i boka Vårsøglandet.

Hans Hyldbakk levde i 103 år, var aldri lenger nord eller sør i verda enn Steinkjer og Oslo, men var svært oppteken av utanrikspolitikk. Han var heimføding og verdsborgar, grublar og bråkmakar, husmann og konge. I liv og dikting var han ein religiøs agnostikar, ein venesæl einstøing og ein utsvevande moralist. Heimen hans på Kleiva har vorte eit landemerke på Nordmøre og er midtpunkt i Vårsøghelga kvar pinse.

Kjelder

Einar Sæter og Svein Sæter: Hans Hyldbakk. Samtalar med ein 100-åring. Oslo 1998

Svein Sæter: «Hans Hyldbakk», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. 2001

Svein Sæter (red.): Vårsøglandet. Dikt og tekster av Hans Hyldbakk. Oslo 2008

Vidare lesing

NBL 2. utg.

Sæter, Einar & Svein Sæter: Hans Hyldbakk: samtale med ein 100-åring, 1998

Du mitt Nordmøre, 1998 (tema: Hans Hyldbakk)


Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 16.10.2009
Sist oppdatert: 19.07.2018