Faktaboks

Hans Jakob Horst
Fødd
7. november 1848, Hammerfest
Død
17. mars 1931, Oslo
Verke
Skolemann og politiker
Familie

Foreldre: Kjøpmann, senere undertollbetjent Hans Peder Figenschou Horst (1815–1904) og Grethe Kirstine Hauan (1819–1900).

Gift 22.10.1891 i København med Pauline Elisabeth («Pylle») Thaulow f. Gad (21.2.1854–6.12.1929; enke etter apoteker Herman Thaulow, 1853–90), datter av herredsfoged Johan Henry Theodor Gad og Johanne Emilie Paulsen.

Hans Jakob Horst var ein norsk skulemann, stortingsrepresentant og Venstre-politikar. Han var med på å av-latiniserte den høgre skulen, og var i 1872 medredaktør for det radikale landsmålsbladet Fram.

Bakgrunn

Hans Jakob Horst var fødd i Hammerfest i Finnmark. Han voks opp i Tromsø, tok studenteksamen der i 1867 og vart cand.philol. ved universitetet i Kristiania i 1874. I 1875 vart han tilsett som adjunkt ved den høgre skulen i Tromsø. Han var overlærar ved skulen i 1886–1892 og rektor i 1892–1908.

Politisk karriere

Horst var medlem av kommunestyret i Tromsø i 1883–1908 og ordførar i 1887–1890. Frå 1889 til 1903 var han stortingsrepresentant for Tromsø og Bodø, i perioden 1906–1909 for Tromsø. På Stortinget var han formann for kyrkjekomiteen i 1892–1903 og 1906–1909, odelstingspresident i 1892–1899 og lagtingspresident i 1900–1903.

Han var ein sterk motstandar av unionen med Sverige og var oppteken av skulespørsmål. Latin og gresk i den høgre skulen skulle vike for moderne framandspråk og nasjonsbyggjande fag som norsk og historie. Han var medlem av kommisjonen som utarbeidde framlegg til lova av 1896 for den høgre allmennskulen og var med i utvalet som førebudde lov om landsgymnas i 1914.

I perioden 1901–1915 var han formann i den norske gruppa i Det interparlamentariske forbundet. Han var oppteken av fredsarbeid, var medlem av Den internasjonale valdgiftsdomstolen i Haag i 1906–1929 og var medlem av Nobelkomiteen frå 1901 til han døydde.

Bladarbeid

Som student var Horst med i krinsen rundt Olaus Fjørtoft. Saman med Fjørtoft og andre var han med på stiftinga av det handskrivne bladet Tiraljøren i studentsamfunnet i Kristiania i 1871. I 1872 var han medredaktør i det radikale landsmålsbladet Fram, som Fjørtoft hadde starta sommaren 1871.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Eit stutt soge-oversyn», i Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
  • Olaus Fjørtoft: Fram. Skrifter i utval, ved Jostein Mykletun. Bergen 1972
  • Einar Høigård og Herman Ruge: Den norske skoles historie. Oslo 1947
  • Tallak Lindstøl: Stortinget og statsraadet 1814–1914, bd. 1, del I. Kristiania 1914
  • K. Petersen (red.): Studenterne fra 1867. Kristiania 1917
  • Birger Risnes: Olaus Fjørtoft. Biografi og tekstar. Oslo 1985
  • Fredrik Barbe Wallem: Det norske Studentersamfund gjennom 100 år, 1813–1913. Kristiania 1916

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg