
Heikki Holmås
Heikki Holmås, siviløkonom. Holmås var stortingsrepresentant i fleire periodar for Sosialistisk Venstreparti for Akershus og er tidlegare bistandsminister i Noreg.
Heikki Holmås er fødd 28. juni 1972 på Voss og er oppvaksen i Bergen. Han tok examen artium ved Bergen Katedralskole i 1993, første avdeling jus ved Universitetet i Bergen i 1996, siviløkonomstudiet ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1996–99 og grunnfag i sosialøkonomi ved Universitetet i Oslo i 1999. I tillegg til å vere politikar har han arbeidd deltid som journalist i TV2 Interaktiv. Han er stortingsrepresentant for SV i 2001–17 og var bistandsminister i regjeringa Stoltenberg II 2012–13.
Holmås var representant for Sosialistisk Venstreparti i Bergen bystyre i 1995–99 og varamedlem i 1999–2001. Han var vararepresentant til Stortinget i 1997–2001 frå Oslo og hadde fast plass 2001–2017. Holmås var leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen i perioden 2009–13. Han var òg medlem av gruppestyret til SV på Stortinget i 2005–10. Dei viktigaste politiske sakene hans er miljø- og klimautfordringar, han arbeider for ein betre bustads-, innvandrings- og inkluderingspolitikk, og han har besøkt alle kommunane i Noreg.
Holmås har hatt verv i Sosialistisk Ungdom og SV sidan 1992, mellom anna som leiar av SU i 1996–99 og leiar av Oslo SV i 2008–10. Han har òg hatt ei rekkje andre verv, mellom anna i Norges Gymnasiastsamband og Forsvaret, og han var medlem i Kringkastingsrådet i 1998–2001, meddommar i Gulating lagmannsrett i 1999–2001 og nestleiar i Mannspanelet i 2007–08.
Kjelder
Heikki Holmås, Representanter og komiteer, stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HEH [lesedato 14.2.2012]
Heikki Holmås, biografi, regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nn/dep/ud/Om-departementet/utviklingsminister_holmaas.html?id=676228 [lesedato 27.3.2012]
Bloggen til Heikki Holmås: http://www.heikki.no/ [lesedato 20.2.2012]
Peikarar
Om mannspanelet på regjeringen.no
Bent Tandstad og Marit Kolberg på nrk.no om at Holmås trekkjer seg som kandidat til leiarvervet
Mirjam Pletanek Klingenberg på tv2.no
Sist oppdatert: 19.11.2019