Hopp til innhold
X
Innhald

Ingeborg Hoff

Ingeborg Hoff, filolog og arkivstyrar. Ho skreiv ei rad studiar av austlandsmål og arbeidde med eit norsk dialektatlas.

Ingeborg Hoff var fødd i Brandbu, no Gran, 15. november 1911 og døydde i Oslo 8. april 1993. Ho tok latinartium ved Frogner skole i 1929, vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1937 og dr.philol. i 1948. Emnet for doktoravhandlinga var skjetvemålet, dialekten i Skiptvet i Østfold. Frå 1948 var ho førstearkivar ved Norsk målførearkiv, i 1970 vart ho dosent i dialektologi, og i perioden 1972–81 var ho styrar for arkivet.
Hoff gav ut ei rad større og mindre målførestudiar, mellom anna av numedalsmålet, målet i Aurskog og Høland, målet i Heggen og Frøland, i Hadsel og i Moss. På engelsk skreiv ho eit oversyn over dialektane i Nord-Noreg. Ho arbeidde òg med eit norsk dialektatlas, eit arbeid som vart starta i Norsk målførearkiv i 1951, men som ikkje vart fullført.
Då Norsk språknemnd skulle opprettast, kom ho i 1949 som einaste kvinne med i mandatnemnda og leverte eit markant særvotum til framlegget til føremålsparagraf. Doktoravhandlinga hadde ho skrive på radikalt bokmål, men ho gjekk snart over til tradisjonell nynorsk. Ho var styremedlem i Norsk Måldyrkingslag, og ei tid i 1960-åra var ho òg leiar for laget.
Under okkupasjonen 1940–45 sat ho ni månader på Grini for illegal verksemd. Ho var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1949.
Kjelder
Olav T. Beito ofl. (red.): Opphav og samband. Utgreiingar om norske målføre. Heidersskrift til Ingeborg Hoff på 70-årsdagen 15. november 1981. Oslo 1981
Olav T. Beito: «60 år. Dosent, dr.philos. Ingeborg Hoff», Aftenposten 13.11.1971
Andreas Bjørkum: «Ingeborg Hoff til minne», Talatrosten 1993. Oslo 1993
Arnold Dalen: «Ingeborg Hoff 1911–1993», Norsk lingvistisk tidsskrift, nr. 2/1993
Ingeborg Hoff: Framlegget til fast språknemnd. Vestlandske Mållag, Voss 1950
Ingeborg Hoff: Skjetvemålet. Oslo 1946
Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1929. Oslo 1954
Kjell Venås: «Ingeborg Hoff», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001
Kjell Venås: «Ingeborg Hoff», minneord, Aftenposten 22.4.1993
Kjell Venås: «Minnetale over professor dr.philos. Ingeborg Hoff». Årbok 1993. Det Norske Videnskaps-Akademi, Oslo 1993

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 24.11.2011