Hopp til innhold
X
Innhald

Ingvild Holvik

Ingvild Holvik er fødd i 1976 i Bergen og er busett i Tromsø.

Ho var nominert til Brageprisen for omsetjinga av Attila Bartis’ roman Stillheten i 2009. Året etter debuterte ho med Lykkefeltet, som ho fekk Blixprisen for. Her skriv ho om den viktige fasen når ein flytter ut og prøver å etablera seg på eiga hand. Hovudpersonen blir i staden «flytt tilbake» til heimen fordi faren vil at ho skal passe søstera. 

I Premien for alt (2017) tek ho føre seg den siste fasen av livet og skildrar ei kvinne på 79 år.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 11.10.2018
Sist oppdatert: 11.10.2018