Faktaboks

Jakob Haraldseid

Jakob Johan Haraldseid, J. Haraldseid

Fødd
3. september 1871, Skjold (no Vindafjord), Rogaland
Død
2. mai 1961, Elverum, Innlandet

Jakob Haraldseid var lærar, skribent og organisator i målrørsla og ungdomslaga på Austlandet. Gjennom godt informasjonsarbeid knytte han rørsla saman og etterlét seg viktig faktakunnskap for ettertida.

Bakgrunn

Jakob Haraldseid var fødd i Skjold (no Vindafjord) i Ryfylke. Han gjekk amtsskule og lærarskule og var så lærar på Karmøy eit halvt år og i Lindås i to år før han drog austover. Resten av livet budde og arbeidde han på Austlandet.

Den første jobben austafor var som lærar i Sør-Fron i Gudbrandsdalen 1894–1898. Der gifta han seg med Mari Sveipe. Året 1898/99 var Haraldseid skrivar i Noregs Ungdomslag. Så var han ei tid i Drammen, før han i 1908 søkte seg tilbake til Gudbrandsdalen og vart lærar på Tretten, ved Vik todelte skule, fram til han gjekk av i 1936. Som pensjonist budde han i Elverum.

Jakob Haraldseid var ein svært aktiv mann og ein dugande og systematisk organisator. Han gjorde eit stort arbeid i målrørsla og ungdomslagsrørsla, og han hadde tillitsverv i lærarlaget og i lokalpolitikken i Øyer.

Arbeid i norskdomsrørsla

Organisatoren

I 1898 skipa Haraldseid Sør-Fron mållag og vart første formannen der. Same året var han med og skipa Gudbrandsdal ungdomslag og vart leiar der òg. Alt i januar året etter var Haraldseid mellom innbydarane og skiparane til Austmannalaget, det eldste fylkeslaget i Noregs Mållag. Då han kom til Lier, var han i 1900 medskipar av Buskerud mållag og vart leiar igjen. På to–tre år var han såleis ei drivande kraft i å få i gang tre fylkeslag og eitt lokallag innanfor den såkalla norskdomsrørsla.

Opplandske Målkontor

Det var i Austmannalaget han kom til å gjere den største innsatsen, og kanskje særleg ved Opplandske Målkontor. Han var med i styret i Austmannalaget 1918–1927, var leiar 1919–1921 og skrivar 1921–1927. Austmannalaget hadde lenge drøfta å starte eit målkontor for innlandet for å styrkje arbeidet for nynorsken her. Først med Haraldseid vart planane noko av, og han vart deltidstilsett som styrar av målkontoret frå det starta 1. mars 1921 og fram til 1929.

I 1938 gjekk han inn att i styret i Austmannalaget og sat til 1940. Då tok han også over arbeidet ved Opplandske Målkontor. Så seint som i 1955 var den då 84 år gamle Haraldseid ei tid på målkontoret og fekk i gang drifta att.

Opplysningsarbeid og statistikk

Gjennom målkontoret dreiv Haraldseid eit omfattande opplysningsarbeid ved å spreie målskrifter og skrive avisinnlegg. Han heldt god kontakt med laga, samla informasjon om målstoda og laga statistikkar. Då Austmannalaget var 25 år, skreiv Haraldseid jubileumsskriftet, som gir nøyaktig og verdfull informasjon om lagsdrifta og målarbeidet på Austlandet. Han skreiv også den historiske delen av 40-årsskriftet i 1939, og i 60-årsskriftet skreiv han portrett av kjende målmenn frå laget. I 1920-åra var han sentral i arbeidet med å reise pengar for å få bygt Bondeheimen på Hamar.

Austlandsmål og rettskriving

Målpolitisk stod Haraldseid mellom dei som ønskte fleire former frå austlandsmåla inn i nynorsken, slik Austmannalaget jamt har gjort. Det er derfor naturleg at han gjekk inn i det reformvenlege styret til Håvard Skirbekk i 1938, då det gamle styret i Austmannalaget vart kasta etter harde stridar om den nye rettskrivinga. Haraldseid skal jamvel ha vore den første til å be om den rettskrivingsendringa som kom i 1938. Det skjedde gjennom Oppland krins av Norges Lærerlag i 1928.

Saman med Rasmus Stauri gav Haraldseid ut «Skriftleg oplæring i morsmålet i folkeskulen. Landsmål med valfrie former» (1923). Året etter kom same boka med obligatoriske former. Det vitnar om den romslege og samarbeidsvenlege haldninga til Jakob Haraldseid.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jakob Haraldseid: «Austmannalaget i 25 år. Ved skrivaren». Hamar 1924
  • Oluf Turtumøygard: «Kjende folk i Gudbrandsdalen. Lærar J. Haraldseid», Årbok for Dølaringen 1937
  • Oluf Turtumøygard: «Jakob og Mari Haraldseid», Årbok for Gudbrandsdalen 1961

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg