Innhald
Jan Hus
Jan Hus (Huss), ca. 1370–1415, var ein tsjekkisk reformteolog, forfattar og predikant i Praha. Han var påverka av Wycliffe. Hus kritiserte den verdslege makta til kyrkja og gjekk til åtak på det moralske forfallet hos prestane og folket. I 1412 gjekk han til åtak på avlatshandelen og vart lyst i bann. Hus fekk fritt leide for å leggje fram saka si for konsilet i Konstanz, men vart likevel fengsla og brend.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012