Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Pauli Heinesen

​Jens Pauli Heinesen, 1932,-2011 var ein færøysk forfattar.

Jens Pauli Heinesen, 1932,-2011 var ein færøysk forfattar, som debuterte i 1953 med novellesamlinga Degningsælið. Gjennombrotet kom med trilogien Tú upphavsins heimur (1962–66). Hovudverka er Frænir eitur ormurin (1973), ein antikapitalistisk roman med allusjonar til Vǫlsunga saga, og sjubandsverket Á ferð inn í eina óendaliga søgu (1980–92). Rekamaðurin (1977) er omsett til norsk med tittelen Rekgods (1985). Han var formann i Den færøyske forfattarforeininga frå 1968 til 1975.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.05.2016
Sist oppdatert: 23.05.2016