Hopp til innhold
X
Innhald

Jónas Hallgrímsson

Jónas Hallgrímsson, 1807–45, var forfattar og ein av dei finaste natur- og kjærleikslyrikarane på Island. Jónas Hallgrímsson var opplysningsmann og språkreinsar, og høyrde til krinsen av islandske studentar i København som gav ut det nasjonale vekkingstidsskriftet Fjölnir (1835–47). Han var oppteken av nasjonal dikting, særleg sentrale er dikta Ísland og Gunnarhólmi.
 
Heinrich Heine og H.C. Andersen var dei viktigaste inspirasjonskjeldene hans, og han omsette mellom andre desse forfattarane til islandsk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.08.2012
Sist oppdatert: 09.08.2012