Johannes Haarklou, komponist og organist, sentral i norsk musikkliv i perioden 1880–1925. Han komponerte operaer, kjempa for operasaka og var ein skarp musikkskribent og kritikar i hovudstaden.
Johannes Haarklou var fødd 13. mai 1847 i Haukedalen i Førde
og døydde i Oslo 26. november 1925. Han tok lærareksamen i 1868, studerte ved
musikkonservatoriet i Leipzig 1873–75 og eitt år ved Hochschule für Musik i
Berlin.
Av dei nær 130 verka
Haarklou komponerte, finst det fem operaer, mellom dei Marisagnet og Tyrfing,
det første norske oratoriet, Skabelsen og
Mennesket, til tekst av Henrik Wergeland, fire store orgelverk, fire
symfoniar, ei rekkje romansar og ein fiolinsonate. For mannskor er særleg «Varde»
og «Tord Foleson», til tekst av Per Sivle, mykje omtykte.
Johannes Haarklou
fekk komponistgasje i 1910 og vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs
Orden i 1911. I 1927 vart det reist ein bauta med portrettmedaljong på
farsgarden Haarklou. Han fekk «Haarklous plass» oppkalla etter seg på Torshov i
Oslo i 1929.
Orgelverka og
romansane til Haarklou har fått eigne innspelingar.
Kjelder
Finn Benestad: Johannes Haarklou. Mannen og verket. Doktorgradsavhandling utgitt i bokform. Universitetet i Oslo,Institutt for musikkvitenskaps skriftserie, nr. 1. Oslo 1961
Finn Benestad: «Johannes Haarklou»,
Norsk
biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001. Elektronisk utgåve ved Store norske
leksikon,
snl.no,
Først publisert: 14.02.2011
Sist oppdatert: 26.11.2019