Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Helleland

Johannes Helleland, ordførar og stortingsmann for Venstre. Han starta den første folkehøgskulen på Vestlandet og var ei drivkraft i opplysningsarbeidet i 1870- og 80-åra, trass i mykje motgang.

Johannes Helleland var fødd i Ullensvang 10. desember 1840 og døydde 3. februar 1913. Han gjekk på Stord lærarskule i 1862–1864. I Ullensvang var han ordførar for Venstre 1879–1904 (med avbrot i to år), og varamann 1882–1888 og stortingsrepresentant 1889–1891. Ullensvang Folkehøgskule på Solbakken på Lofthus vart skipa i 1869. Der var han styrar i 29 år. Ullensvang Privatbank i Opedal vart skipa i 1870. Den styrte han til 1913. Han var redaktør for bladet Hardangeren 1872–1877 og den første formannen i Ullensvang Ungdomslag 1892–1904.
 
Helleland støtta Johan Sverdrup i kyrkjestriden i 1888. Det kosta han stortingsplassen ved neste val. Skulen hans fekk få elevar og vart lagd ned i 1898. Embetsmenn gjorde narr av det radikale kristendoms- og målsynet hans, som likevel fekk gjennomslag både i embetsverket og i skulen i åra som kom.

Kjelder
Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. Bygdesoga, bd. 2. Odda 1962

Først publisert: 18.02.2011
Sist oppdatert: 03.05.2013