Hopp til innhold
Foto: Knut Brautaset/ Samlaget
Foto: Knut Brautaset/ Samlaget
X
Innhald

Jon Hellesnes

Jon Hellesnes er ein markant og nynorskskrivande filosof og essayist, som ved sida av Hans Skjervheim skal ha mykje av æra for at filosofi (og historie) er eit universitetsfag der nynorsk er mykje brukt.

Jon Hellesnes er fødd 16. september 1939 i Arendal, men voks opp på Sandane og på Voss. Han studerte filosofi ved Universitetet i Bergen og tok magistergraden i 1966 med avhandlinga «Sjølvkunnskap og medmenneskeforståing», der han stiller saman den engelske språkfilosofen G. Ryle og den franske filosofen og forfattaren Jean-Paul Sartre.
Hellesnes vart tilsett som vitskapleg assistent ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Bergen i 1967. Miljøet var prega av inntrykk frå engelsk språkfilosofi og frå tysk og fransk fenomenologi (Husserl, Merleau-Ponty), og Hellesnes tok i bruk begge tradisjonane. I 1972 vart han tilsett som universitetsstipendiat ved Universitetet i Tromsø, frå 1979 som professor, fram til 2007. Han har hatt gjesteopphald ved amerikanske og tyske universitet, var professor II ved Høgskulen i Volda (2006 og 2007) og har vore knytt til det jugoslaviske Praxis-miljøet, prega av dei tyske filosofane Jürgen Habermas og Karl-Otto Apel. Hellesnes har vore ein aktiv tidsskrift-skribent og var òg med i redaksjonen av det litterære tidsskriftet Basar. I 2012 vart han utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Bergen.
Frå 1960-åra til i dag har han vore mellom dei mest aktive filosofiske skribentane, og han sameiner brei filosofisk orientering med særeigne litterære og essayistiske grep. Sjangrane vekslar frå avhandling, via essay og roman til avisartiklar.
Hellesnes fekk Språkprisen i 2010 for framifrå nynorsk i sakprosa.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Æresdoktor Jon Hellesnes fortel om sitt akademiske liv.
Brei orientering
Heilt frå arbeidet med magistergraden har Hellesnes hatt evna til å kombinere impulsar frå ulike filosofiske retningar. Frå angloamerikansk språkfilosofi har han lært skarpsindige analysar av språk og logikk, frå dei tyske diskurs-etikarane Apel og Habermas å stille krav til fornuftig argumentasjon.
Han har òg vore oppteken av nylesingane av Marx innanfor Frankfurtskulen. Særleg skeptisk har han vore til utviklinga av teknologiske synsmåtar og praksisar i skuleverk og helsestell. Men han har òg hatt sterke filosofihistoriske interesser, og har skrive om eldre filosofar som Hume, Descartes og Seneca.
Som ein reflektert essayist gjer Hellesnes front mot postmoderne skeptisisme og relativisme på den eine sida og mot dogmatisk tru på «guruglupingar» på den andre. Blind tru på nye dogme, økonomiske modellar eller politiske utopiar møter drepande kritikk. Det er ikkje tilfeldig at «livssynsberserk» er eit av dei sjølvlaga glosene han bruker. Postmoderne relativisme ser han på som ein «bullshit»-posisjon, på nynorsk: sutleprat.
Viktige verk
Etter magistergraden kom boka Filosofi i vår tid (1968 – saman med Knut Erik Tranøy), som gir ei innføring i samtidsfilosofien. Sosialisering og teknokrati (1975) er ein del av oppgjeret med positivismen i pedagogikken.
Frå 1980-åra og framover skriv Hellesnes mest essaysamlingar, eit format han utformar til meisterskap i bøker som Farar i Metropolis (1984), Hermeneutikk og kultur. Filosofiske stubbar (1988), På grensa (1994), Illusjon? (2004) og Det femte monarkiet og andre essay (2010). Eit utval er samla i Grunnane (2002).
Ei anna gruppe bøker er knytt til omtalen av filosofiske forfattarskap: Frå Athen til Pompeii. Om Sokrates og Seneca, med merknader til Nietzsche, Heidegger og Adorno m.fl. (1997), Om Hans Skjervheim (1999) og René Descartes (1999).
Stil og sjanger
Eit originalt trekk ved Hellesnes er den vide bruken av sjangrar. Han har skrive romanane Carolus, klovnen (1982) og Den postmoderne anstalten (1986). Mange av essaya har innslag av fiksjon, og Hellesnes er glad i anekdotar og skrøner som kan illustrere poenga hans. Også i presentasjonen av kompliserte filosofiske termar tek han i bruk slike element, som i «Den galne grisen hans Lars Liabø og dei tre verdene hans Jürgen Habermas». Stilelement frå folkelege skildringar set dei filosofiske omgrepa i relieff, men syner òg kva dei tyder.
Forkjærleiken for saftige uttrykk som gryl, ofse, sutleprat og namn som Sture Sutle og Sjur-Olina-Guri skaper rørsle i språket. Det er òg eit av verkemidla hans i kampen mot det han oppfattar som lærd eller folkeleg toskeskap. Keisame er tekstane hans aldri. Og han bryt ut av den faglege isolasjonen, også ved å engasjere seg i spørsmål om helse, forsvarspolitikk, åndsmotar eller kva det måtte vere.
Kjelder
Svein Sundbø: Jon Hellesnes. En kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1956–2009. Oslo 2009
Atle Måseide og Gunnar Skirbekk (red.): Filosofi i vår tid. Festskrift til Jon Hellesnes. Oslo 2009
Peikarar

Først publisert: 21.03.2014
Sist oppdatert: 13.04.2018