Hopp til innhold
Koparstikk som viser Joseph Haydn, av kunstnar Fr. Akrel. Kredit: Skara kommun, Flickr.com CC BY 2.0.
Koparstikk som viser Joseph Haydn, av kunstnar Fr. Akrel. Kredit: Skara kommun, Flickr.com CC BY 2.0.
X
Innhald

Joseph Haydn

Franz Joseph Haydn, austerriksk komponist. Den første store wienerklassisisten og eit viktig førebilete for både Mozart og Beethoven.

Joseph Haydn var fødd i Rohrau i Austerrike 31. mars eller 1. april 1732 og døydde i Wien 31. mai 1809. Han var frilansar i Wien frå 1749 til om lag 1757, då han vart hoffkomponist, først hos Karl Joseph Franz Morzin og så hos prins Paul Anton Esterházy, der han vart verande til 1790. Mellom 1791 og 1795 hadde han to lange opphald i London, der han vart hylla som den største komponisten i verda. Etter dette heldt han fram med å komponere for Esterházy-familien så lenge helsa tillét det, og han budde vekselvis i Wien og i Esterházy-residensen i Eisenstadt.

Haydn har ein makelaus posisjon i den vestlege musikkhistoria. Han stod i spissen for utviklinga av den klare og formfaste wienerklassisistiske stilen, som takka vere han, Mozart og Beethoven framleis har ein svært stor plass i det klassiske repertoaret. Forholdet til Esterházy-familien er eit av dei mest velkjende kunstnar–mesen-forholda i musikkhistoria, og det er ikkje utan grunn. I løpet av dei 30 åra ved hoffet fekk Haydn den handlefridomen han trong for å utvikle og formalisere mange av dei sjangrane og musikalske elementa vi i dag kjenner som typisk wienerklassisistiske.

Både symfoniane og strykekvartettane til Haydn hadde ein gradvis modningsprosess over mange år, som leidde fram til den etablerte forma dei fekk til slutt. Sjølv om andre hadde komponert strykekvartettar før, var det Haydn som skreiv dei første meisterverka i sjangeren. Også symfonisjangeren var det i stor grad Haydn som forma, til det «klassiske» mønsteret med fire satsar, som var norma fram til Beethoven sin niande symfoni. Haydn skreiv heile 106 symfoniar, som reflekterer den gradvise utviklinga i stil, frå den prøvande overgangen frå den tidlegare «galant»-stilen til dei modne London-symfoniane, som syner den fullutvikla wienerklassisistiske stilen. Han skreiv òg mykje vokalmusikk, der oratoriet Skapinga (1798) ruvar i repertoaret.

Den unge Haydn

Haydn var fødd inn i ein handverkarfamilie, men foreldra spela og song mykje saman med borna sine, og alle dei tre sønene deira som vaks opp, vart profesjonelle musikarar. Joseph sitt talent kom tidleg fram, og seks år gamal vart han send til Hainburg for å få betre musikalsk opplæring, i tillegg til anna skulegang. I 1740 fekk han plass ved korskulen ved Stephansdomen i Wien, der han song heilt til han kom i stemmeskiftet, truleg i 1749.

1750-åra var eit hardt tiår for Haydn, som fattig frilansmusikar i Wien. Han heldt fram med å utvikle talentet sitt gjennom intenst sjølvstudium, i tillegg til å gi pianotimar og ta småoppdrag som orkester- og kyrkjemusikar. Først i 1751 vart det eit lyspunkt, då han vart tilsett som kapellmeister hos grev Carl Joseph Franz Morzin. No hadde han vorte ein etablert musikar.

Esterházy-tida

Esterházy-familien var den rikaste familien i Ungarn, og då Haydn vart tilsett av prins Paul Anton i 1761, fekk hans straks ansvaret for all musikken ved hoffet deira. Sjølv om pliktene var mange, fekk han stor musikalsk fridom, eit eige orkester og songarar til rådvelde og god løn. Under prins Nikolai, som overtok då broren døydde i 1762, vart orkesteret utvida, og løna til Haydn auka, frå 400 til 600 gulden i året.

Esterházyane stilte høge krav til Haydn sine komposisjonar, men produksjonen var enorm. I mange år gjekk mykje av energien hans med til å komponere og setje opp operaer til prins Nikolai si ambisiøse operascene i det nybygde Esterházy-palasset. Frå slutten av 1770-åra fekk Haydn større individuell fridom, fordi den internasjonale stjernestatusen hans gjorde at han kunne publisere meir musikk på eiga hand og slik tene nok til å vere økonomisk sjølvstendig.

Papa Haydn

Haydn var ven med Mozart og kunne aldri få skrytt nok av det ekstraordinære talentet til Mozart. Likeeins var Mozart tydeleg påverka av Haydn sin stil, og han var mellom dei som brukte det kjærlege kallenamnet «Papa» om den eldre komponisten. Beethoven var Haydn sin pianoelev, og sjølv om dei hadde eit til tider turbulent forhold, hadde dei stor respekt for kvarandre.

Då prins Nikolai døydde i 1790, avvikla etterfølgjaren Paul Anton 2. hofforkesteret og gav dermed Haydn høve til å styre meir av tida si sjølv. Vinteren 1791 reiste Haydn til London, der han alt var svært populær. Overgangen frå det isolerte hofflivet til kjendisstatusen i London var stor, og han fekk fornya inspirasjon av det atten månader lange opphaldet. Vinteren 1794 reiste han på nytt til London, og då han kom attende til Wien året etter, var det som ein rik mann og nesten utan konkurrentar om tittelen som den fremste levande komponisten i verda, sidan Mozart var død året før og Beethoven enno var for ung.

Inspirert av Händel-oratoria han hadde høyrt i London, komponerte Haydn dei to oratoria Skapinga (1798) og Årstidene (1801), to av dei mest ambisiøse verka hans. Saman med dei såkalla London-symfoniane representerer Skapinga det beste av Haydn sin modne stil, og statusen hans gjorde straks verket kjent over heile Europa. Haydn komponerte ingenting dei siste åra og døydde i 1809, 77 år gamal, medan hæren til Napoleon bomba Wien.

Video: Framføring av oratoriet Skapinga (1798).

Kjelder

Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music, Eight Edition. New York 2001

Caryl Clark: «Haydn, Joseph», The Oxford Companion to Music. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e3182 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 20.11.2014]

H. C. Robbins Landon: «Music; What Haydn Taught Mozart», artikkel frå New York Times, først publisert 14.8.1988: http://www.nytimes.com/1988/08/14/arts/music-what-haydn-taught-mozart.html [lesedato 7.11.2014]

James Webster og Georg Feder: «Haydn, Joseph», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/44593 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 20.11.2014]

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 24.08.2015