Hopp til innhold
X
Innhald

Joseph Oscar Hennum

Joseph Oscar Hennum, lege. Han skreiv den første fagordlista for landsmål.

Joseph Oscar Hennum var fødd i Kristiania 7. juni 1847 og døydde same staden 23. mars 1908. Han tok studenteksamen ved Qvams skole i 1866, vart cand.med. i 1875 og dr.med. ved universitetet i Kristiania i 1885 med avhandlinga Til Belysning af Cellernes Former.
 
Hennum var fattiglege i Vestre Toten i tre år før han i 1880 flytta tilbake til Kristiania og vart kommunelege i Østre Aker og prosektor og demonstrator i mikroskopi ved universitetet. Ei tid var han òg militærlege. I 1893 vart han distriktslege i Aker og i 1895 hovudlege ved Riksforsikringsanstalten.
 
I yngre år publiserte Hennum fleire vitskapelege arbeid og var medarbeidar i fleire medisinske tidsskrift. Han var oppteken av opplysningsverksemda til arbeidarakademia, var leiar for Kristiania Arbeiderakademi 1886–97 og heldt sjølv systematiske førelesingar om anatomi i akademiet.
 
I 1886 gav Hennum ut Anatomiske Termini fra det norske Landsmål. Heftet var eit tillegg til Norsk Magazin for Lægevidenskaben og var den første fagordlista på landsmål. Lista bygde på Ivar Aasens Norsk Ordbog og inneheldt norske nemningar for anatomiske fagord og faguttrykk på dansk, som var ordna tematisk.
 
Kjelder
Sylvi Dysvik: Frå Spongvegjer til høgfartsbanar. Om nynorsk fagspråk og terminologi i lys av nynorsk fagleksikografi. Masteroppgåve i nynorsk skriftkultur. Høgskulen i Volda 2009
Sylvi Dysvik: «Nynorske fagordbøker», Språknytt, nr. 2/2010
J.O. Hennum: Anatomiske Termini fra det norske Landsmål. Tillægshefte til Norsk Magazin for Lægevidenskaben. Kristiania 1886
Henrik Jæger (red.): Illustreret norsk litteraturhistorie, bd. 2 (kap. E. Schønberg: «Medicin»). Kristiania 1896
I. Kobro: Norges læger. 1800–1908. Kristiania 1908
E. Schønberg: Oversigt over den norske medicinske literatur i det nittende aarhundre. Kristiania 1897
Fr. Strøm: «Hennum, Joseph Oscar», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 1934
Studenterne fra 1866. Kristiania 1916
 
Peikarar

 

Først publisert: 22.02.2011
Sist oppdatert: 03.04.2018