Hopp til innhold
X
Innhald

Kaare Dyvik Husby

Kaare Dyvik Husby, komponist og forskar, er sentral i arbeidet med å rekonstruere manuskripta til Geirr Tveitt.

Kaare Dyvik Husby er fødd 11. juni 1969 i Kristiansund og er i dag busett i Oslo. Han er utdanna ved Noregs musikkhøgskole, først i utøvande instrumentale studium (1988–90) og deretter teoretisk med kandidatstudiet i komposisjon (1990–96). Husby har òg følgt kurs ved Academie d’été ved IRCAM, eit senter for elektronisk musikk i Paris.
Husby har undervist i teori ved Stavanger musikkskole (1994–97) og i høyrelære ved Høgskolen i Stavanger (1995–96).
I år 2000 var han engasjert som huskomponist i Stavanger Symfoniorkester. Dette har sett preg på produksjonen hans, som ikkje berre inneheld verk for korps og mindre ensemble, men òg ei monaleg mengd orkesterverk. Også andre norske orkester har framført musikken hans, og Husby har arbeidd med utøvarar som Anne-Lise Berntsen, Ametri Strykekvartett, Ensemble Ernst og dei fleste av musikkorpsa i Forsvaret. Musikken hans er framført på festivalar både i Noreg og utanlands.
Som forskar har Husby gjort ein stor innsats for restaureringa av eldre verk. Særleg har han vore interessert i Geirr Tveitt sin produksjon, som vart skadd under ein brann i 1970. Etter å ha arbeidd med fleire enkeltverk var Husby frå 2001 til 2011 engasjert i prosjektet «Baldurs draumar». Målet var å skaffe oversikt over dei etterlatne manuskripta til Tveitt og å rekonstruere ballettmusikken med same namnet. Prosjektet kom til i samarbeid mellom Norsk musikksamling, Universitetet i Oslo og Noregs musikkhøgskole.
Husby er mottakar av fleire TONO-stipend og av stipend frå staten til reise, arbeid og materiale.
Kjelder
E-postar frå Kåre Dyvik Husby 14.9.2010 og 6.4.2012

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 08.05.2012