Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Kine Hellebust

Kine Hellebust, multikunstnar som starta karrieren i Tramteatret. Seinare har ho utmerkt seg med formidling og fortolking av nordnorsk kulturarv.

Kine Hellebust er fødd 15. desember 1954 i Harstad. Etter å ha vore elev ved dramalinja på Sund folkehøgskule i 1975, fekk ho ei tid lese med Per Jansen og Pål Løkkeberg ved Hålogaland Teater. Ho har sidan teke forfattarstudium ved Universitetet i Tromsø og fått to års opplæring ved Norsk Film og NRK Troms som ledd i eit attføringstiltak etter ei ulykke i 1989.
Frå 1978 til 1984 var Hellebust skodespelar og medeigar i Tramteatret i Oslo. Ho arbeidde så ved Hålogaland Teater til 1987 og vart då frilansar. Ho har arbeidd med Festspela i Nord-Noreg og har vore skodespelar og manusforfattar i film- og fjernsynsproduksjonar. I 1970-åra var ho mellom initiativtakarane til Nordnorsk Viseforum og har sjølv, og i samarbeid med andre, laga fleire viser. Ho har òg komponert musikk. Frå 1999 har ho drive verksemda Kultura i Malangen.
Hellebust debuterte med barneboka, Ho Anne og den forsvunne nøkkelen i 1998. Tett på Troms (2006) er ei kjærleikserklæring til Nord-Noreg. Hellebust har vore aktiv under Blix-jubilea i 2001 og 2011, og har tonesett og gitt ut to CD-ar med Blix-salmar. Ho har arbeidd med dramatisering av Torborg Nedreaas' roman Av måneskinn gror det ingenting og gjendikting av tekstar av Moustaki, Afzelius og fleire.
Hellebust har hatt ulike verv og har vore medlem i Kringkastingsrådet og i styringsgruppa for Verdikommisjonen, og ho er leiar av Nordnorsk Forfatterlag (frå 2011). Ho har fått fleire prisar, mellom dei Justers revypris i 1981 og Blix-prisen i 1999.
Kjelder 
Jan Eggum ofl. (red.): Norsk pop og rockleksikon. Oslo 2005
Karin Moe (red.): Kvinne og kunstnar. Oslo 1983
Kine Hellebust: «Kine Hellebust», kulturnett.nohttp://www.kulturnett.no/kunstner_og_artister/kunstner_og_artister.jsp?id=T12398346&pageid=5 [lesedato 9.6.2011]
Nina Nystad og Bente Haldorsen: «Han så tilværelsen fra den lyseste side», Meløyavisa 3.3.2011: http://www.meloyavisa.no/nyhet.cfm?nyhetid=2170 [lesedato 9.6.2011]
«Åpen himmel»: Kine synger Blix, i Troms og Finnmark – NRK Nyheter, sist oppdatert 3.3.2011: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/troms_og_finnmark/1.7530512 [lesedato 9.6.2011]
Kine Hellebust, forfattarside, samlaget.no: http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/H/Kine--Hellebust.aspx [lesedato 9.6.2011]
Webmaster / Kine Hellebust: «Kine Hellebust», sist oppdatert 20.9.2010: http://trygvesartistbyra.com/index.php?option=com_content&view=article&id=63:kine-hellebust&catid=37:underholdning [lesedato 9.6.2011]
Peikarar
Bibliografi og diskografi i Bibsys

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013