Hopp til innhold
Foto: Oddleiv Apneseth/ Forlaget Oktober
Foto: Oddleiv Apneseth/ Forlaget Oktober
X
Innhald

Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy, forfattar og røyrleggjar. Han har eit godt grep om det poetiske, også når han skriv prosa.

Kjartan Hatløy er fødd 16. februar 1954 i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane og bur no i Sørbøvåg i same kommune. Han gjekk på Eids gymnas frå 1971 til 1973 og tok kurs i skipsrøyrlegging i Førde i 1976. Hatløy har òg mellomfag i filosofi frå Universitetet i Bergen (1991).
Etter gymnaset var Hatløy vikarlærar ved Våge skule i Fjaler i 1973–74. Mellom 1977 og 1990 var han industrirøyrleggjar på Løland verft (no Havyard Leirvik), der han ei tid òg var hovudverneombod. Hatløy er no forfattar på fulltid.
Hatløy debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. I 2002 gav han ut ei samling noveller og kortprosa med tittelen Nattsong og andre forteljingar. Forteljingane er plasserte i eit nordvestlandsk landskap og er vare for stemningar både mellom menneske og i naturen.
Men Hatløy er først og fremst lyrikar. Med Svarte lyn (1999), Riket er vårt, damti damti (2005) og Fjord (2011) har Hatløy vist seg som ein sanseleg poet med evne til å fange omgivnadene i eit konsentrert språk. Samstundes inneheld dikta hans ofte refleksjonar kring språket sjølv og korleis språket grip røyndomen. Der prosaen i Nattsong og andre forteljingar nærmar seg poesien, bles Hatløy i Kjøkkendikt (2012) liv i prosaiske gjenstandar frå kvardagslivet og gir dei poetiske kvalitetar. Slik veks det fram, på ein måte som minner om Martin Heidegger sin filosofi, eit uløyseleg band mellom mennesket og tinga som omgir det.
Hatløy er styremedlem i Sogn og Fjordane Skrivelag.
For Kjøkkendikt blei Hatløy nominert til Brageprisen 2012 i kategorien skjønnlitteratur. I 2015 blei han tildelt Diktartavla.
Kjelder
E-postar frå Kjartan Hatløy 25.4.2013
«Kjartan Hatløy», Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane, nrk.no: http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Kjartan_Hatløy
[lesedato 26.4.2013]
Ingunn Økland: «Vil gi kaffetrakteren vinger», omtale av Kjøkkendikt i Aftenposten 25.11.2012, aftenposten.no: http://www.aftenposten.no/kultur/Vil-gi-kaffetrakteren-vinger-7054586.html#.UXgTIivAUQ4 [lesedato 26.4.2013]
Peikarar
Mette Karlsvik: «Fann NASA opp teflonpanna? Hatløy skreiv Kjøkkendikt», magasinett.no

Først publisert: 24.09.2013
Sist oppdatert: 01.08.2018