Hopp til innhold
Foto: Morten Krogvold/Ascehoug. Med løyve for Allkunne.
Foto: Morten Krogvold/Ascehoug. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Klaus Hagerup

Klaus Hagerup, fødd 1946, er forfattar og skodespelar.

Klaus Hagerup, fødd 1946, er forfattar og skodespelar. Han debuterte i 1969 med diktsamlinga Slik tenker jeg på dere. I 1988 gav han ut ein biografi om Inger Hagerup, Alt er så nær meg. Hagerup har skrive fleire barnebøker, mellom andre Landet der tiden var borte (1989), som han fekk Kritikerprisen for, og Høyere enn himmelen (1990), som vart filmatisert i 1993.

Saman med Hilde Hagerup har han òg skrive to bøker om Mesterdetektiv Tim & Co. (2012 og 2013). Han har skrive ei rekkje ungdomsromanar om Markus, og fekk Brageprisen og Bokhandlerprisen for Markus og Diana og lyset fra Sirius (1994), filmatisert i 1996. Vidare er Markus hovudperson i mellom andre Markus og jentene (1997), Markus og den store fotballkjærligheten (1999), Markus og Sigmund (2003) og Markus er konge (2010), som alle er folkekjære skildringar av den usikre ungdomstida. Hagerup har òg skrive romanane Seniorhumoristen (1994), Maratonherren (1998), Herremannen (2000) og Den statiske mannen (2008).

Han har òg laga diverse musikalar, høyrespel og skodespel, samt skrive krimboka Siste akt (2007) saman med Nils Nordberg.

Først publisert: 18.04.2016
Sist oppdatert: 18.04.2016