Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Hamsun

Knut Hamsun, ein av dei fremste forfattarane i den norske litteraturhistoria. Hamsun skreiv banebrytande bøker, men hadde òg politiske oppfatningar i tråd med nazismen, og tilhøvet mellom litteraturen og ideologien hans har vore eit sentralt spørsmål i norsk kulturdebatt. I 1920 fekk han nobelprisen i litteratur.

Knut Hamsun (fødd Knut Pedersen) var fødd 4. august 1859 i Vågå i Oppland og voks opp på Hamarøy i Nordland. Han døydde 19. februar 1952 på Nørholm i Grimstad. Hamsun byrja på skulen i 1868, men slutta allereie i 1874, då han reiste til Lom og byrja å arbeide i butikk.

Vinteren 1876–77 var Hamsun skomakarlærling i Bodø. Han arbeidde vidare som lærar i Bø i Vesterålen frå 1877 til 1878, og frå 1878 til 1879 var han lensmannsbetjent same staden. Hamsun reiste deretter frå Bø og levde eit omstreifande liv i mange år. Han prøvde seg i ei rekkje yrke, mellom anna som kaiarbeidar og skreppekar. Han var òg på amerikareise i 1880-åra og arbeidde ein kort periode som trikkekonduktør i Chicago. Men det var forfattar han skulle bli, og frå 1890 og utover levde han av diktinga si.

Det er eit stort spenn i forfattarskapen til Hamsun, frå det nyromantiske gjennombrotet med Sult i 1890 til den sjangerhybride sisteboka Paa gjengrodde stier i 1949. Hamsun debuterte med forteljinga Den Gaadefulde. En kjærlighedshistorie fra Nordland i 1877 og publiserte i åra etter enkelte dikt og forteljingar før han gav ut Fra det moderne Amerikas Aandsliv i 1889. I 1890-åra gav Hamsun ut fleire av dei mest lesne romanane sine: Sult (1890), Mysterier (1892), Pan (1894) og Victoria (1898). Det vilde kor, frå 1904, er Hamsun si einaste diktsamling, medan Markens grøde (1917) er ei breiare og meir episk storslått forteljing enn dei tidlege romanane. Det var særleg denne romanen Hamsun fekk nobelprisen for. Trilogien om August, Landstrykere (1927), August (1930) og Men livet lever (1933), er òg sentrale bøker i forfattarskapen.

Hamsun er den norske forfattaren som har fått bøkene sine filmatisert flest gonger. Dei første var Gunnar Sommerfeldts Markens grøde (1921) og Harald Schwenzens Pan (1922). Mest vellukka er Henning Carlsens versjon av Sult, frå 1966, med Per Oscarsson i hovudrolla. Landstrykere blei filmatisert i 1990 i Ola Solums regi. Erik Gustavsons Telegrafisten (1993) er basert på Sværmere, medan Torun Lian laga ein filmversjon av Victoria i 2013. I 1996 laga den svenske regissøren Jan Troell ein spelefilm om livet til Hamsun i åra mellom 1935 og 1952.

Under andre verdskrigen markerte Hamsun tydeleg si støtte til det nazistiske Tyskland. Han skreiv fleire propagandaartiklar i norske aviser, gav nobelprismedaljen i gåve til Joseph Goebbels og møtte Hitler personleg i 1943. På eige initiativ skreiv han òg nekrologen til Hitler i Aftenposten. I 1946 konkluderte Gabriel Langfeldt og Ørnulv Ødegård sine psykiatriske undersøkingar med at Hamsun leid av «varige svekkede sjelsevner». I 1948 blei han dømd av Høgsterett og måtte betale erstatning til staten. Problema knytte til Knut Hamsuns nazisme har ført til ein av dei store og vedvarande kulturdebattane i Noreg.

Hamsun fekk nobelprisen i litteratur i 1920. På 150-årsdagen hans i 2009 stod Hamsunsenteret på Hamarøy ferdig.

(Artikkelen held fram under biletkarusellen)

galleri

Svermar

Knut Pedersen voks opp under harde kår på garden Hamsund på Hamarøy i Nordland. I 1874 forlét han Hamarøy ein kort periode og reiste attende til heimbygda til mora, Lom, der han blei konfirmert. Året etter vende han attende til Hamarøy, før ferda gjekk vidare, først til Bodø, så til Bø. I mange år levde han eit omflakkande landstrykarliv i Noreg og Amerika. I 1879 tok han i bruk namnet Knut Pedersen Hamsund og byrja å arbeide for å verkeleggjere forfattarambisjonane. Hamsun endra detaljar i namnet sitt fleire gongar. Etter 1885 tok han vekk d‑en i namnet, og sidan har det offisielle namnet vore Knut Hamsun.

Hamsun gav ut ei forteljing i 1877, medan han budde i Bodø. I ettertid ville han ikkje ta med denne vesle boka, som hadde tittelen Den gaadefulde, i dei samla verka sine. Det same galdt dei to bøkene han gav ut året etter, Et gjensyn og Bjørger. Hamsun var i Amerika mellom 1882 og 1884, og i 1886 reiste han dit på ny. Han heldt elles mange foredrag og skreiv artiklar og noveller i løpet av 1880-åra, og han gjorde samstundes røynsler som skulle kome til syne i gjennombrotsromanen Sult. Dessutan gav han ut Fra det moderne Amerikas Aandsliv i 1889 – eit aggressivt, nærmast spottande kritisk skrift om amerikansk kultur og politikk.

Storverka

Sult kom ut i 1890. I ettertid ser ein at boka varslar den moderne romanen, og Sult står i dag som eit viktig skilje både i norsk og europeisk litteraturhistorie. Det er «det ubevisste sjeleliv» som kjem til uttrykk i romanen, som handlar om ein namnlaus, sveltande hovudperson som vandrar rundt i Kristiania. Hamsun hadde gjort seg liknande røynsler, utan at romanen dermed er reint sjølvbiografisk. Hamsun nytta òg andre arenaer for å vise at noko nytt var i emning i den norske litteraturen. I 1891 heldt han ei rekkje foredrag der han gjekk til åtak på dei fire store forfattarane i samtida: Henrik Ibsen, Jonas Lie, Bjørnstjerne Bjørnson og Alexander Kielland. Av desse fire hadde Hamsun størst sans for Bjørnson, men i foredraga tok han eit grundig oppgjer med den litterære norma som rådde i litteraturen til alle «dei fire store». Det var realismen Hamsun ville gjere seg ferdig med. I staden ville han ha ei meir psykologisk orientert dikting – ei dikting som lèt det flakkande og rastlause sjelelivet til det moderne mennesket prege den litterære forma. I Sult kjem dette sjelelivet klart til uttrykk i den namnlause eg‑forteljaren si nagande framandkjensle og i dei mange irrasjonelle innfalla hans. Saman med poesien til Sigbjørn Obstfelder var Sult og dei påfølgjande romanane til Hamsun eit forvarsel om den litterære utviklinga på 1900-talet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: Innslag om Sult på NRK Skole, nrk.no

Også dei andre bøkene frå 1890-åra er storverk, til dømes Mysterier (1892), Pan (1894) og Victoria (1898). I 1899 reiste Hamsun austover til Finland, Russland, Georgia, Kaukasus og Tyrkia, og i 1903 kom reiseskildringa I Æventyrland. Boka vitnar om ei nyorientering i både livet og forfattarskapen til Hamsun: Han har stor respekt for dei kaukasiske bøndene og set dei opp mot det han meiner er eit byrjande forfall i den vestlege sivilisasjonen. Den nygifte Hamsun busette seg på Hamarøy då han kom attende til Noreg, og i løpet av dei neste åra skreiv han diktsamlinga Det vilde kor (1904), der han slår til mot «arbeiderkrapyl», «kvinnesakshyl» og «fredpratets plage» i diktet «Himmelbrev til Byron». Men han skildrar òg natur og kjærleik i varme, lyriske vendingar. I ettertid står det reaksjonære «himmelbrevet» att som eit uhyggeleg frampeik mot Hamsun si politiske overtyding, som blei tydelegare forma gjennom dei neste tiåra. Også romanen Sværmere (1904) er skriven i denne perioden. Åra etter denne romanen er rekna som ein mellomperiode i forfattarskapen, med «vandrarbøkene» Under høststjærnen (1906), En vandrer spiller med Sordin (1909) og Den sidste glæde (1912). Romanane om Segelfoss – Børn av tiden (1913) og Segelfoss by (1915) – er òg viktige.

Erobrar

På denne tida tok Hamsun aktivt del i samfunnsdebatten, både i temperamentsfulle avisinnlegg og i kritiske romanar. Markens grøde (1917) er skriven under første verdskrigen, og historia om nybrotsmannen Isak Sellanraa inneheld sterk modernitets- og sivilisasjonskritikk. Hamsun lyfter her fram idealet om den sjølvbergande bonden, som Isak representerer, og skildrar samstundes det komande moderne bysamfunnet som eit trugsmål. Hamsun knyter sterke band mellom menneske og jorda i romanen, og koplinga til den tyske ideologien om «Blut und Boden» (blod og jord) og «das Volk» (folket) er tydeleg. Å oppfatte boka anten som ei «agrarisk oppbyggingsbok» eller som ei historie om eit syndefall er likevel reduserande, som litteraturforskaren Øystein Rottem peikar på i Hamsun og fantasiens triumf (2002). Til det er romanen for motsetnadsfylt og fleirtydig. Etter utgivinga av Markens grøde kjøpte Hamsun i 1918 garden Nørholm utanfor Grimstad, og han eigde garden resten av livet. Nobelprispengane som han fekk i 1920, nytta han til å restaurere Nørholm.

Nazist

I 1920-åra trekte Hamsun seg meir attende frå samfunnsdebatten og det offentlege livet. Han var plaga av dårleg høyrsel, nerveproblem og depresjonar, og i 1926 byrja han å gå i psykoanalyse hos Johannes Irgens Strømme. Året etter gav Hamsun ut det første bandet av trilogien om August: Landstrykere (1927). Saman med Markens grøde gjorde denne trilogien – som òg omfattar August (1930) og Men livet lever (1933) – Hamsun til ein folkekjær forfattar i Noreg. Om Hamsun heldt seg meir borte frå det offentlege i 1920-åra, blei 1930-åra det tiåret då han prøvde å gjere seg til politisk profet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: Knut Hamsun blir intervjua i NRK i 1941, youtube.com

Den tyske «blod og jord»-ideologien, nasjonalismen og fiendskapen med England fall i god jord hos Hamsun. I fleire tiår før Hitler kom til makta, hadde han kjent seg knytt til den tyske kulturen. Hamsun var nazist, og han uttrykte støtte til dei nazistiske styresmaktene i Tyskland ved fleire høve, både symbolsk og heilt konkret. Frå dei verbale åtaka på den tyske fredsprisvinnaren Carl von Ossietzky, via besøka hos Joseph Goebbels og Adolf Hitler og fram til han skreiv nekrologen til Hitler, stod Hamsun fast ved synspunkta sine til siste andedrag. I 1936 gav han ut den siste romanen sin, Ringen sluttet, men i 1949 kom det sjølvbiografiske forsvarsskriftet Paa gjengrodde stier frå den då 90-årige Hamsun. Trass i det klare sjølvbiografiske førelegget, er også dette ei fiksjonsforteljing med utstrekt bruk av litterære og retoriske verkemiddel.

I Paa gjengrodde stier skriv Hamsun fram sin versjon av landssviksoppgjeret. Sjølv om han utvilsamt leid av dårleg høyrsel, levde meir og meir isolert og var råka av sjukdomar og hjerneblødingar, slik han hevdar, er det ingen tvil om Hamsun sin sterke politiske sympati med Hitler og nazismen. Etter krigen blei han vurdert rettspsykiatrisk av Gabriel Langfeldt og Ørnulv Ødegård, som trekte den berømte konklusjonen om at Hamsun leid av «varig svekkede sjelsevner». Hamsun blei dømd «erstatningsmessig medansvarlig» for Nasjonal Samling si verksemd i Noreg. Etter at Hamsun døydde i 1952, har debatten om nazismen hans, og om tilhøvet mellom nazismen og diktinga hans, vore sentral i den norske kulturdebatten.

Den litterære utviklinga

Litteraturforskaren Atle Kittang har påpeika at i mottakinga av Hamsun sine romanar har «den brattaste avvisinga veksla med den mest sentimentale apologien» heilt sidan Mysterier kom. Forfattarskapen har med andre ord alltid vore møtt med ambivalens. Han strekkjer seg over meir enn 70 år, og utviklinga i forfattarskapen er difor eit fascinerande litteraturhistorisk studieobjekt. Gjennombrotet med Sult, Mysterier og Pan gjorde Hamsun til ein sentral nyromantisk forfattar. Samstundes peikar bøkene framover mot den modernistiske tradisjonen som skulle kome til å dominere den europeiske litteraturen gjennom første del av 1900-talet. Desse romanane er i stor grad innovervende – dei granskar krikar og krokar i mennesket sitt sjeleliv – og dei har hovudpersonar som må karakteriserast som antiheltar. Påverknaden frå den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij er tydeleg.

Victoria (1898) er ein av dei mest lesne romanane til Hamsun, og ei av dei mest populære kjærleikshistoriene i den norske litteraturen. Handlinga er enklare her enn i mange andre av Hamsun sine bøker, men samstundes er den tragiske kjærleikshistoria spennande og engasjerande, og ho får djupn og nyansar i det poetiske språket til Hamsun. Victoria markerer òg avslutninga av den første fasen i forfattarskapen. Jan Fr. Marstrander formulerer overgangen slik: «Realismen som kom innenfra, avløses av en realisme som kom utenfra. Den psykologiske diktning blir sosial». Perioden mellom 1900 og 1910 blir ofte forstått som ei overgangsfase i forfattarskapen, innleidd av reiseskildringa I Æventyrland (1903) og Sværmere (1904). Hamsun skreiv òg lyrikk, dramatikk og noveller i desse åra: Skodespelet Dronning Tamara kom i 1903, året før diktsamlinga Det vilde kor og novellesamlinga Stridende liv. Skildringer fra vesten og østen, som begge kom i 1904.

Romanane etter 1910 er i større grad vende utover, og sjølv om dei framleis er psykologiske, er dei òg sosialrealistiske og meir eksplisitt sivilisasjonskritiske og politiske enn forgjengarane. Samstundes må det understrekast at ei slik periodeinndeling også er ei forenkling av forfattarskapen. Det går fleire linjer gjennom Hamsun sin forfattarskap, og det finst samanhengar heile vegen frå Den gaadefulde (1877) til Paa gjengrodde stier (1949). Det er ein gjennomgåande og djuptpløyande ironi i Hamsun sin litteratur, ein ironi som gjer at det er like vanskeleg å nagle bøkene fast til forfattaren sin ideologi, som det er å frikjenne dei fullstendig frå denne ideologien.

Diktaren som politisk figur

Det finst utan tvil samanhengar mellom nazisten Hamsun og nobelprisvinnaren Hamsun. Frå dei reaksjonære utropa i «Himmelbrev til Byron» til sjølvforsvaret i Paa gjengrodde stier kan ein spore ideologien til diktaren. Like sikkert er det at desse samanhengane ikkje er fullt så eintydige som dei stundom har vore framstilte som i debattane om Hamsuns nazisme. Det er noko urovekkjande, ofte uhyggeleg i Hamsuns litteratur som vanskeleg kan lausrivast frå den litterære stordomen hans. Såleis reiser ikkje «spørsmålet om Hamsun» berre reint litterære problemstillingar, men òg problemstillingar knytte til banda mellom litteratur, politikk og etikk.

(Artikkelen held fram under videoen)

Innslag om Hamsun frå 1944, youtube.com

Både i livet og i litteraturen er Knut Hamsun ein figur som stadig vil vere brennande aktuell. Det er liten grunn til å tru på prognosane som diktaren sjølv la fram i Det vilde kor: «Om hundrede år er alting glemt». Etter Hamsuns død har det vore forsøk både på å frikjenne og å fordømme han. Men forfattaren Hamsun viser at det gode, det sanne og det skjønne ikkje alltid overlappar kvarandre. Det er nødvendig å møte han med både skepsis og tiltru, historiserande forklaring og kritisk dømming. I Noreg er det først og fremst Hamsun som illustrerer at ein god forfattar ikkje treng å vere eit like godt menneske.

Kjelder

Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2012

Atle Kittang: Luft, vind, ingenting. Hamsuns desillusjonsromanar frå Sult til Ringen sluttet. Oslo 1984

Ingar Sletten Kolloen: Hamsun. Svermeren. Oslo 2003

Ingar Sletten Kolloen: Hamsun. Erobreren. Oslo 2004

Tore Rem: Knut Hamsun. Reisen til Hitler. Oslo 2014

Øystein Rottem: Hamsun og fantasiens triumf. Oslo: 2002

Peikarar

Nettstaden til Hamsunsenteret

Kristine Kleppo intervjuar Tore Rem om Knut Hamsun. Reisen til Hitler, forlagsliv,no

Først publisert: 20.08.2015
Sist oppdatert: 17.01.2017