Faktaboks

Knut Hauge
Fødd
31. mai 1911, Vestre Slidre i Valdres, Innlandet
Død
13. april 1999
Knut Hauge.
Av /Glomdalsmuseet/digitaltmuseum.no.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Knut Hauge var forfattar og bonde i Vestre Slidre i Valdres i Oppland (no Innlandet). Han har vore kalla «ein av Noregs mest lesne og minst omtalte forfattarar». Han var også leiar i Noregs Ungdomslag i fire år.

Bakgrunn

Knut Hauge var fødd i Vestre Slidre i Valdres. Etter å ha gått på Oppland småbruks- og hagebruksskole overtok han heimegarden Nedre Hauge i Lomen, men han var fast bestemt på å bli forfattar alt frå skuletida. Han blei refusert fleire gonger før han fekk gitt ut den første boka, men han hadde dikt og noveller på trykk både i aviser, julehefte og blad, mellom anna i det handskrivne lagsbladet til Slidringen UL. Han var bror til lyrikaren Marit Myhre.

Forfattarskapen

I 1948 slo han endeleg igjennom med den historiske romanen Krossen under Torfinnshø. Denne boka skreiv han seinare om noko, slik at ho danna den første boka i Sagaen om Ulfsætta. Denne serien på åtte band kom ut i åra 1965–1980 og følgjer historia til ei slekt i eit landskap som minner mykje om Hauge si eiga heimbygd. Hauge gav også ut samtidsromanar, mellom anna Ein roman om kjærleiken og om døden, og ei barnebok: Pekka, elva og eventyret. Ei barnebok kom ut posthumt: Lasse frå Lærdal.

Hauge var aktiv i ungdomslagsrørsla i mange år, både lokalt og sentralt. Han skreiv amatørskodespel, og han skreiv prologar og heldt talar og kåseri på årsmøte, ungdomslagsstemne og i NRK. I åra 1955–1959 var han leiar i Noregs Ungdomslag. I avisa Valdres hadde han ei fast spalte, «Tårnfalken», og i Bondebladet skreiv han «Brev frå Rognerud». Han sat i styret for Valdres Folkemuseum i mange år, og i styret for avisa Valdres. Han var òg med i redaksjonen for Årbok for Valdres i åra 1959–1980.

Den boka av Hauge som ofte blir framheva som den beste, er Ein roman om kjærleiken og om døden. Boka kom som Bokklubb-bok i 1976 og fekk Aschehougprisen i 1977. Dei historiske bøkene hans førte til at somme kritikarar plasserte han i kategorien «heimstaddiktar», men i ettertid blir han vurdert som ein forfattar på nasjonalt nivå. Med den nære kjennskapen til gardsliv og bygdehistorie kunne han skildre livet i det norske jordbrukssamfunnet på ein måte som få andre kunne ha gjort.

Utmerkingar

Hauge fekk Conrad Mohrs reisestipend i 1960 og Sunnmørsprisen i 1965 for boka Kross og kvitsymre. Vidare fekk han Mads Wiel Nygaards legat i 1967, Melsom-prisen i 1968 og Doblougprisen i 1986.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Arnfinn Engen: «Knut Hauge», i Opplendingar som skapte framtid. 30 opplendingar som har vore med på å forme samfunnet vårt i perioden 1905–2005. Teksthefte til ei utstilling ved museum i Oppland i 2005
  • Gunnar Hauge: «Tankar ved 100-årsjubileet for Knut Hauge». Årbok for Valdres 2011
  • Olav Gullik Bø: «Helsing frå ein lesar», kåseri på 100-årsdagen til Knut Hauge 31.5.2011. Årbok for Valdres 2011
  • Ottar Grepstad: «Hauge, Knut», i Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
  • Valdres Historielag: Tidsskrift for Valdres Historielag. Heidersskrift til Knut Hauge. Årbok 1981

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg