Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Olav Homlong

Knut Olav Homlong, språkkonsulent, frilansar og forfattar med grunnleggjande skepsis til forteljinga som sjanger.

Knut Olav Homlong er fødd 21. mai 1969 i Geiranger og bur no i Stavanger. Han er utdanna cand.mag. ved Universitetet i Bergen (1996), med faga nordisk og datalingvistikk, og han har teke forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø (2002–2005). Homlong har vore tekstforfattar i reklamebyrået Drivkraft (2006–2009). Han arbeider som frilansar, forlagskonsulent, omsetjar og er språkkonsulent godkjend av Språkrådet for både nynorsk og bokmål.
Homlong debuterte i 2006 med romanen Romklang. Ein familiefar ser at enkle språkvaskoppdrag kan vere uoverkommelege. Han manglar evne til å ta tak i omgivnadene og får ei kjensle av ikkje å ha kontroll. Homlong eksperimenterer med språket, har mange digresjonar og oppattakingar og ein grunnleggjande skepsis til forteljinga som sjanger. Det er kort avstand mellom humor og sorg, og plottet og personportretta er fråverande.
Homlong har skrive teksten til kokeboka Rett skal være rett: Charles Tjessems råeste varer (2006), der også Tom Haga og Johannes Worsøe Bergo medverka.
 
Kjelder
E-post frå forfattaren 23.09.2010
Gudmund Skjeldal, forfattarside, cappelendamm.no: http://www.cappelendamm.no/main/Katalog.aspx?f=10440 [lesedato 2.12.2010]
Maya Troberg Djuve: «Romklang Sammenbrudd», bokomtale på dagbladet.no, publisert 7.8.2006:  http://www.dagbladet.no/kultur/2006/08/07/473161.html [lesedato 2.12.2010]
Anne Merethe K. Prinos: «Ertelysten litteratur», bokomtale på aftenposten.no, publisert 27.2.2007: http://www.aftenposten.no/kultur/litteratur/article1235978.ece [lesedato 2.12.2010]


Sist oppdatert: 31.12.2013