Hopp til innhold

Lars Holst

Lars Kristian Holst, pressemann og Venstre-politikar. Han skreiv i dei tidlege målblada og var ein sterk redaktør i Dagbladet.

Lars Holst var fødd 22. november 1848 i Bergen og døydde i Kristiania 31. mai 1915. Han tok examen artium i 1867 og vart cand.jur. ved Universitetet i Kristiania i 1871.
Holst var systerson til Henrik Krohn og kom tidleg med i den framveksande flokken av bergensmålmenn. Han skreiv i Krohns blad Ferdamannen, i Vinjes Dølen, i Vestmannalaget sitt tidsskrift Fraa By og Bygd og var medredaktør av bladet Svein Urædd 1868–1870. Han skreiv òg i etterfølgjaren Andvake og var med og redigerte Fram i 1872. I 1874–75 sat han i styret for Vestmannalaget. Frå 1888 til 1894 var han styremedlem i Det Norske Samlaget.
Frå 1872 var Holst medarbeidar i Bergens Tidende, og frå 1884 redaktør ved sida av Olav Lofthus. Frå 1883 til 1898 var han sjefredaktør i Dagbladet og gjorde avisa til eit hovudorgan for Venstre og ei leiande avis i kulturdebatten. Då Ivar Aasen døydde 23. september 1896, rydda Dagbladet straks plass på førstesida til eit lengre minneord. Truleg var det Holst sjølv som skreiv nekrologen.
Holst var med og bygde opp Venstre som parti. Han var varaformann i Norges Venstreforening 1893–96 og formann 1900–03. I 1894 tok han initiativet til skipinga av Venstres Presseforening og var formann der til han døydde.
Då han slutta som redaktør i Dagbladet i 1898, vart han justissekretær i byretten i Kristiania, men heldt fram med journalistikken. Han skreiv teaterkritikkar i fleire blad og politiske artiklar i Stavanger Aftenblad. Holst var målmann heile livet, men som journalist og redaktør i dagsaviser skreiv han dansk-norsk.
Kjelder
Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Eit stutt soge-oversyn», Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
Bjarte Birkeland ofl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo 1968
Fram. Kristiania 1871–1873
Hans Fredrik Dahl: Utskjelt og utsolgt. Dagbladet gjennom 125 år. Oslo 1993
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
Ola Holen: Norske Bladfolk. Billeder og Karateristiker. Kristiania 1895
«Ivar Aasen», Dagbladet 23.9.1896
Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen 2002
Leiv Mjeldheim: «Lars Holst», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001
K. Petersen (red.): Studenterne fra 1867. Kristiania 1917
Svein Urædd. Kristiania desember 1868–desember 1870
Kjell Venås: Då tida var fullkomen. Ivar Aasen. Oslo 1996
Ragnar Vold: Dagbladet i Tigerstaden. Oslo 1949
Peikarar

Først publisert: 24.01.2012
Sist oppdatert: 10.10.2014