Leif Halse
Det andre juleheftet av Vangsgutane frå 1942. Det er teikna av Jens R. Nilssen. Vi ser gutane på ein rosemåla slede i eit tradisjonelt vinterlandskap – eit landskap som forfattaren Leif Halse var svært oppteken av gi instruksjonar om korleis skulle teiknast. Foto: Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale.
Leif Halse
Leif Torvald Halse, teikneserieforfattar og lokalhistorikar. Han skapte teikneserien Vangsgutane, og med det blei han ein av dei mest lesne nynorskforfattarane.
Halse var fødd i Todalen på Nordmøre 7. juli 1896 og døydde 8. februar 1984 i Levanger. Han skapte teikneseriefigurane Steinar og Kåre Vangen som eit norsk og positivt motbilete til amerikanske Knoll og Tott. Den første teikneseriestripa med Vangsgutane blei trykt i Nynorsk Vekeblad 5. oktober 1940, illustrert av Jens R. Nilssen. Lesarane tok svært godt imot den nye serien, og alt året etter gav Fonna Forlag ut det første juleheftet. Med unntak av 1944 og 1963 laga Halse eit nytt hefte kvart år fram til 1982, med årlege opptrykk frå 1983.
Ei Leif Halse-samling finst på Todalshytta, og ved Todalen skole står eit monument over Vangsgutane.
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Eirik Helleve: Striper, ruter, bobler. Hovdebyda 2003
Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 13.04.2018