Hopp til innhold
Liv Holtskog
Liv Holtskog
Forfattarportrett frå Aschehoug. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Liv Holtskog

Liv Holtskog, lyrikar og bonde. Ho skreiv kristen-humanistisk modernistisk poesi med røter i natursansing, telemarkskultur og mytologi. Liv Holtskog voks opp i eit konservativt og haugiansk bondemiljø. Ho lærte bokmål på skulen, men sa at ho måtte lære seg nynorsk for å kunne uttrykkje seg i dikt.

Holtskog var fødd 4. august 1934 i Gvarv i Telemark og døydde same staden 21. juli 2014. Ho var odelsjente og dreiv i heile sitt vaksne liv garden i Sauherad saman med ektemannen og dyrka frukt og jordbær. Ho debuterte som lyrikar i 1966 med diktsamlinga Kanskje ein. Ved sida av gardsarbeidet var ho ein produktiv lyrikar med nye diktbøker kvart andre eller tredje år.
 
Dikta hennar har stor musikalitet og er ofte songbare. Dei er brukte i korverk, oratorium og kyrkjeresitasjonar og er fleire gonger oppførte av kor i aulaen i Oslo.
 
Diktet «Så kort ein sommar menneska har» frå 1979 blei av Dagbladet.no kåra til ein av «Folkets favoritter» ved sida av 100 andre populære og kjære norske dikt.
 
Kristen naturlyrikk
Liv Holtskog var ein kristen lyrikar, men det er ingen dogmatisk kristendom som pregar dikta hennar. Dei første samlingane handlar mykje om dei enkle, nære tinga frå kvardagen. Ho skreiv om minne frå barndomen, teikna bilete av naturen i heimtraktene og skreiv om forholdet mellom menneske med naturskildringar som bakgrunn.
 
Seinare utvida ho horisonten og landskapet i tid- og stadlause dikt om eksistensielle spørsmål og forhold. Ho henta impulsar og innsikt frå andre kulturar og andre tider, mellom anna frå Kina, Egypt og USA. Samlinga Det lova landet, 1974, er ein lyrisk samtale med Det gamle testamentet i Bibelen.
 
Særeigen samtidspoesi
Liv Holtskog skreiv i den korte og knappe stilen som pregar norsk modernistisk poesi frå seint 1960-talet og framover. Men ho arbeidde fram ein plass for seg sjølv i samtidslitteraturen ved å utvikle ein særeigen symbolikk og ei særeiga uttrykksform. Ho skreiv like gjerne om indre syner som om ytre sansing, lèt bilete og symbol føre over i andre dimensjonar enn det nære og konkrete.
 
Dikta hennar står fram som poetiske meditasjonar over ord, syner og bilete og tonar som ofte har å gjere med oversanselege eller ikkje-rasjonelle erfaringar. Dette knytte ho saman med naturkjensle og motiv frå tradisjonell telemarkskultur.
 
Musikalske dikt
Liv Holtskog, som først trudde ho skulle bli komponist, sa sjølv at ho kunne høyre musikk inni seg når ho skreiv. Dikta hennar har ordrytme og vokalklangar som har appellert til komponistar som Gisle Kverndokk og Sigmund Groven.
 
Dikt om Egypt frå Ferda frå Theben, med musikk av Magnar Åm, blei framført av Det norske solistkor på Festspela i Vestfold i 1997 og seinare framført andre stadar i Noreg.
 
Liv Holtskog skreiv ein kantate til 900-årsjubileet for kyrkjene i Nes og Sauherad i Telemark i 1991, Sursum musica, og komponist Henrik Ødegaard skreiv musikken.
 
Ho skreiv også for barn. Heilt glad – heilt trist er ei musikalsk forteljing for barn som blei uroppført på Ilios-festivalen i Harstad i januar 1997, med musikk av Gisle Kverndokk
 
Forfattaren sjølv var ein god opplesar og opptredde gjerne med eigne dikt, til dømes på matinear på Det Norske Teatret.
 
Utvalde kjelder
Ivar Havnevik: Dikt i Norge. Lyrikkhistorie 200–2000, s. 454–455. Oslo 2002
Johanne Landsverk: «Eit kall til å skrive». Samtale med Liv Holtskog i Dag og Tid nr. 49, 05.12.1996
 
«Liv Holtskog er død», Varden, 25.7.2014. Tilgjengeleg digitalt med brukarkonto: http://www.pressdisplay.com/pressdisplay/viewer.aspx  [lesedato 31.7.2014]
 
Peikarar

Først publisert: 19.10.2009
Sist oppdatert: 21.06.2018