Hopp til innhold
X
Innhald

Magnhild Hagelia

Magnhild Hagelia, politikar. Ho representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i 16 år og var den første kvinna i presidentskapet.

Magnhild Hagelia var fødd i Gjerstad i Aust-Agder 6. mai 1904 og døydde i Grimstad 4. juli 1996. Ho var elev ved Otto Treiders handelsskole i Oslo i 1933–34 og tok òg revisorkurs i 1934. Ho var forretningsførar i Gjerstad forsyningsnemnd i 1939–45, kommunerevisor i Gjerstad i 1945–47 og tilsett i fylkesrevisjonen i Aust-Agder frå 1948 til ho gjekk av med pensjon i 1969.

Hagelia var ein pioner i spørsmål som galdt kvinnene si stilling i samfunnet. Ho var overtydd om at kvinner måtte ta aktivt del der dei politiske diskusjonane gjekk føre seg. Det galdt alle politiske saker, ikkje berre dei typiske kvinnepolitiske sakene den gongen, som var skule- og sosialsaker. Ho engasjerte seg i fagforeiningsarbeid og i partipolitisk arbeid. I 1945 blei ho vald inn som kommunestyrerepresentant i Gjerstad, men flytta frå kommunen rett etter valet. Ho var seinare kommunestyrerepresentant i Fjære i 1947–51 og 1968–70, i Øyestad 1956–59 og i Grimstad i 1971–72.

Hagelia blei vald som vararepresentant til Stortinget frå Aust-Agder i 1945 og var fast representant i fire periodar, fram til 1965. Ho blei vald til visepresident i Lagtinget i oktober 1961 og var den første kvinna som leidde eit stortingsmøte frå presidentplassen, 9. februar 1962.

Hagelia blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1976 og blei heidra med ein byste ved Grimstad rådhus på 90-årsdagen i 1994.

Kjelder

Odd Sættem (red.): Hvem er Hvem? Oslo 1984

Trond Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Institusjoner – rekruttering. Oslo 1985

Odd Ingar Smeland: «Magnhild Hagelia». Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001

Hagelia, Magnhild, «Representantar og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=MAHA [lesedato: 3.1.2016]

Først publisert: 03.11.2016
Sist oppdatert: 03.11.2016