Hopp til innhold
Mani Hussaini (2017). Foto: Bernt Sønvisen, Arbeiderpartiet på Flickr.com CC BY-ND 2.0.
Mani Hussaini (2017). Foto: Bernt Sønvisen, Arbeiderpartiet på Flickr.com CC BY-ND 2.0.
X
Innhald

Mani Hussaini

Mani Hussaini, tidlegare politikar og leiar i AUF, ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet, frå 2014 til 2018. Han var den første leiaren i AUF med bakgrunn som politisk flyktning.

Mani Hussaini er fødd 25. oktober 1987 i Qamishli i Syria. Han kom til Noreg via Sverige i 2000, og familien blei etter kvart busett på Jessheim i Akershus. Han tok vidaregåande skule på Nes og på Jessheim, og han har ein bachelorgrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo i 2010 og mastergrad i teknologi, innovasjon og kunnskap i 2014 ved det same universitetet.

Hussaini var praktikant ved den norske ambassaden i Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata i 2010–11 og fylkessekretær i Akershus AUF i 2011–12. I 2014 tok han over som leiar av AUF (Arbeidernes Ungdomsfylking) etter Eskil Pedersen. Hussaini gjekk av som AUF-leiar i 2018.

Hussaini har sidan 2018 vore tilsett som samfunns- og myndigheitskontakt hjå Opplysningskontoret for egg og kjøtt.

I 2006 blei han medlem av AUF, og han var leiar for AUF i Akershus i 2009–11 og dessutan vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet i Akershus i 2013–17. Hussaini blei vald inn i sentralstyret til AUF i 2012, og han blei vald til leiar av ungdomsorganisasjonen i 2014. Han var vald inn for Arbeidarpartiet i kommunestyret i Ullensaker og fylkestinget i Akershus i 2011–14. I fylkestingsperioden var Hussaini mellom anna medlem av hovudutvalet for utdanning og kompetanse.

Politisk arbeidde Hussaini mellom anna for å avskaffe fattigdom, for ein rettferdig skattepolitikk, for å stanse klimaendringar, og han var imot oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Her tok han dissens i programbehandlinga i Arbeidarpartiet mot å opne for konsekvensutgreiing. Som politikar var Hussaini modig, men ikkje alltid like varsam i sine spark mot politiske motstandarar.

Kjelder

Eivind Sæther: «Lærte norsk av tekst-tv», portrettintervju, dn.no: http://www.dn.no/magasinet/2015/02/20/2101/Portrettet/lrte-norsk-av-teksttv [lesedato 22.2.2017]

Mani Hussaini sin profil på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/mani-hussaini-92414736 [lesedato 22.2.2017]

Peikarar

Christian Nicolai Bjørke: «Elsket og hatet», vl.no (tilgjengeleg med passord)

Sissel Hoffengh: «Kampklar», dagsavisen.no 

NTB: «Gjenvalgt som AUF-leder», adressa.no 

Silje Rognsvåg: «Lærte jødehat på kristen skole i Syria», dagen.no 

Helle Aarnes: «Mani Hussaini (30) går av som AUF-leder», aftenposten.no


Først publisert: 30.06.2017
Sist oppdatert: 07.01.2019