Hopp til innhold

Marianne Clementine Håheim

Marianne Clementine Håheim er forfattar, skriv både lyrikk og prosa, og har markert seg med friskt, modig språk og personlege tema.

Marianne Clementine Håheim er fødd 21. august 1987 i Jølster i Sogn og Fjordane og er busett i Bergen. Håheim gjekk på Skrivekunstlinja ved Åsane folkehøgskole i 2006–07 og har bachelorgrad både i litteratur frå Universitetet i Bergen 2007–10 og i studiet Tekst og skribent ved Westerdals Oslo ACT 2011–14. Ho har tidlegare vore medierådgivar for Press, Redd Barna sin ungdomsorganisasjon. I 2017 fekk ho Kulturrådet sitt arbeidsstipend for yngre, nyetablerte kunstnarar.

 

Håheim debuterte med lyrikksamlinga Bilydar i 2012 og kom med den første romanen sin, Svart belte, i 2015. Forfattarskapen er prega av eit enkelt og kraftfullt språk, som samstundes er oppfinnsamt, stilsikkert og modig, springande og poetisk. Temaa krinsar rundt nære personlege erfaringar og utfordringar.

 

Dikta i Bilydar formidlar ulike kjærleikshistorier og vekslar mellom det såre og personlege, sjølvironi og komikk, ungdomleg livsglede og djupe, underfundige tankar. Tekstane fangar augneblinken, er direkte og tankevekkjande. Treffande språklege bilete og uventa avslutningar viser forfattaren sitt diktarmot og talent. Kortprosaromanen Svart belte er sjølvbiografisk og fortel detaljert og brutalt ærleg om anoreksi. Eteforstyrringar, desperate handlingar og kompliserte tankar om kropp pregar livet til den unge hovudpersonen. Rike skildringar av natur, kropp og tankerekkjer sklir over i kvarandre. Forfattaren tematiserer skam, sjølvforakt og einsemd.

 

Håheim fekk i 2017 tildelt Bjørnsonstipendet.

 

Kjelder

E‑post frå Marianne Clementine Håheim 1.9.2017

 

«Forfattarar frå Sogn og Fjordane. Marianne Clementine Håheim», Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesbiblioteket, bibliografi, sfj.no: http://forfattarar.sfj.no/marianne-clementine-haheim/ [lesedato 1.9.2017]

Omtale av Bilydar, oktober.no: http://www.oktober.no/Boeker/Skjoennlitteratur/Lyrikk-dramatikk/Bilydar [lesedato 1.9.2017]

 

Peikarar

«Marianne Clementine Håheim tildeles Bjørnsonstipendet», pressemelding frå Forlaget Oktober 7.6.2017, med «Utdrag fra juryens begrunnelse»

Marit Brekke: «Marianne Clementine Håheim: Svart belte», boktips frå Nynorsksenteret, nynorskbok.no 

Marianne Granheim Trøyflat: «Ikkje for sarte sjeler», bokmelding, framtida.no

Først publisert: 18.10.2017
Sist oppdatert: 18.10.2017