Hopp til innhold
Marianne Havdal. Foto: Richard Nergaard / Samlaget. Nytta etter avtale.
Marianne Havdal. Foto: Richard Nergaard / Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Marianne Havdal

Marianne Havdal, barnebokforfattar og bibliotekar frå Eidsvåg.

Marianne Havdal var fødd 20. januar 1950 og døydde 8. august 2018. Ho budde i Eidsvåg i Romsdal, der ho òg var fødd.

Havdal gjekk ut frå Molde gymnas i 1969 og tok bibliotekarutdanning i Oslo i åra 1971–72. Ho arbeidde ved Molde folkebibliotek, Romsdalsmuseet, Molde gymnas og Distriktshøgskulen i Molde, før ho i 1984 fekk stillinga som biblioteksjef ved Nesset folkebibliotek. Ho dreiv òg med dokketeater og skreiv skjønnlitterære tekstar i avisene Dag og Tid og Driva.

Havdal debuterte i 1991 med barneboka Forden og andre forteljingar. Året etter kom biletboka Osteulven. Ho bidrog med to noveller i Samlags-antologien Heltane er mette og andre noveller for ungdom, som kom i 1996. Etter eit lengre opphald kom barneboka Når traktoren kjem ut er det vår i 2004. Venskapen mellom seksåringen Åsmund og pensjonisten Ivar, skildringa av bygdesamfunnet og den rå replikkvekslinga kan minne om Maria Parrs univers, som kom tjue år etter. Havdal arbeidde òg med ein oppfølgjar til denne boka, men Molly kom aldri ut.

For Når traktoren kjem ut er det vår fekk ho Kritikarprisen for 2005.

 

Kjelder

E‑post frå Camilla Havdal Greve (dotter til Marianne Havdal) 29.1.2020

 

Kritikarlaget: «Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2005 til Marianne Havdal», kritikerlaget.no, publisert 1.3.2006: https://kritikerlaget.no/saker/kritikerprisen-for-beste-barne-og-ungdomsbok-2005-til-marianne-havdal [lesedato: 12.12.2019]

 

Peikarar

Lars Helge Nilsen: «Når traktoren kjem ut er det vår», bokmelding, barnebokkritikk.no, publisert 12.10.2005

Først publisert: 11.09.2020
Sist oppdatert: 11.09.2020