Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tunet
Foto: Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

Marius Hægstad

Kristofer Marius Hægstad, forleggjar og språkforskar. Han skipa aviser og skule, blei den første professoren i landsmål og laga den første offisielle rettskrivinga for det nye landsmålet.

Hægstad var fødd i Borgund på Sunnmøre 15. juli 1850 og døydde 21. november 1927. Etter ei utdanning som han avslutta i Oxford i 1872, var Hægstad styrar ved Namsos Borger- og Almueskole til 1884. Samstundes var han med og styrte Namdals Tidende 1876–77 og Namdalsposten 1877–79, skipa Nordtrønderen i 1883 og redigerte bladet til 1892.
 
Han skipa Namdals folkehøgskule i 1884 og styrte denne skulen til 1892. I dette tidsrommet gav han ut det frilyndte ungdomsbladet Dag i Namsos 1885–90. Hægstad arbeidde deretter i folkeskulen i Steinkjer, til han i 1899 fekk det nyskipa embetet som professor i landsmålet og landsmålets dialektar ved Universitetet i Kristiania. Embetet blei i 1917 omgjort til professorat i nordisk språkvitskap, som han hadde til 1920.
 
På grunnlag av innstillinga frå ei nemnd leidd av Hægstad fastsette Kyrkjedepartementet i 1901 den første offisielle rettskrivinga for landsmål.
 
Hægstad var stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag 1892–94 og 1898–1900 og skreiv som saksordførar den første lova på landsmål i 1894, lov om normaltid.
 
Hægstad var formann i Det Norske Samlaget 1898–1903 og var 1906–09 den første formannen i Noregs Mållag.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
 
Peikarar
Nasjonalbiblioteket, elektronisk reproduksjon av Magnus Hægstad, Arne Garborg og R.Flo: Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne. Kristiania 1899
Nasjonalbiblioteket, elektronisk reproduksjon av Magnus Hægstad: Norsk maallæra elder Grammatik i Landsmaalet. Namsos 1879
Nasjonalbiblioteket, elektronisk reproduksjon av Magnus Hægstad: Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet. Bergen 1905
Kjell Venås: Då nynorsken kom til universitetet, Språknytt nr. 3-4/1999

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 04.02.2019