Hopp til innhold
Martin J. Huslid som student.
Martin J. Huslid som student.
X
Innhald

Martin Huslid

Martin Johannes Huslid, diplomat. Han var i si tid ein av dei meste røynde norske diplomatane i internasjonale forhandlingar.

Martin Johannes Huslid var fødd i Vik i Sogn 23. mai 1931 og døydde i Brussel 14. februar 1996. Han voks opp på Skei i Jølster i Sunnfjord.
Etter examen artium ved Firda landsymnas i 1950 tok han siviløkonomeksamen ved Noregs handelshøgskole i 1957 og byrja året etter i utanrikstenesta. Han vart byråsjef i Utanriksdepartementet i 1970, ekspedisjonssjef i 1975 og spesialrådgivar i 1978. I perioden 1982–90 var han ambassadør ved EFTA og FN-kontora i Genève, i 1990–94 ambassadør ved FN i New York, og i 1995–96 ambassadør i Brussel.
Dei første åra i utanrikstenesta gjorde han teneste ved den faste delegasjon i Genève og ved ambassaden i Brussel. Seinare tok han del i forhandlingane om norsk medlemsskap i Fellesmarknaden, fram til folkerøystinga i 1972. I 1978 vart han hovudforhandlar for ei ny økonomisk verdsordning (NØV), som skulle gi utviklingslanda betre handelsvilkår.
Både i Genève i 1880-åra og som ambassadør ved FN i New York vart han utpeikt til formann for fleire FN-organ, særleg når det galdt utviklingsspørsmål.
Huslid vart i 1987 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
Kjelder
«Ambassadøren frå Jølster», Jølst. Jølster Mållag 1988
Bjørn Vidar Lerøen: «Verdensborgeren fra Sogn», Bergens Tidende 16.2.1996
Bjarne Lindstrøm: «Martin Huslid», minneord, Aftenposten 21.2.996
«Martin Huslid», minneord, Firda 20.2.1996
NTB: «Martin Huslid 60 år 23. mai», 2.5.1991
Tormod Petter Svennevig: «Martin Huslid», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001
Rolf Tamnes: Oljealder. 1965–1995, i Norsk utenrikspolitikks historie, bd. 6. Oslo 1997
Arne B. Thorbjørnsen: «Rotnorsk nordmann i FN-bygget», Aftenposten 2.5.1990

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 01.08.2018