Hopp til innhold
Sverre Kjelsberg, vokalist og gitarist, Egil Monn-Iversen, musiker og komponist, Mattis Hætta, samisk vokalist. Då dei vann den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1980
Sverre Kjelsberg, vokalist og gitarist, Egil Monn-Iversen, musiker og komponist, Mattis Hætta, samisk vokalist. Då dei vann den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1980
Foto: Mentz Schulerud jr. / NRK. Gjengitt etter avtale med NRKs bildearkiv.
X
Innhald

Mattis Hætta

Mattis Hætta, på samisk kjend som Simona Máhtte, joikar og skodespelar.

Mattis Hætta er fødd 15. mars 1959 i Masi/Máze. Han representerte Noreg under den europeiske musikktevlinga Melodi Grand Prix i Haag i 1980 saman med Sverre Kjelsberg frå bandet Pussycats. Kjelsberg skreiv saman med Ragnar Olsen songen «Sámiid Ædnan» til teaterframsyninga Nullpunktet, om Alta-saka, for Hålogaland Teater, der begge var tilsette. Mattis Hætta var då ein ung joikar, og heimbygda hans, Masi i Kautokeino, var ei av bygdene som var foreslått lagd under vatn i utbygginga av Alta/Kautokeino-vassdraget. Hætta hadde sjølv vore med i aksjonane utanfor Stortinget sommaren 1979, som songteksten fortel om. Alta-utbygginga skapte merksemd for samesaka, og songen sette samefolket sine rettar på agendaen også utanfor Noreg. Popsongen vart slik ein del av protestaksjonane mot utbygging av Alta-elva, ei sak som for mange vart sjølve symbolet på den norske statens overgrep mot samane som urfolk.
Som skodespelar har Hætta arbeidd mellom anna med Beaivváš Sámi Našunála Teáhter og i fjernsynsserien Hjerterått (2013).
Diskografi: Sámiid Ædnan/Detsikavise (EP, 1980), Låla (CD, 1981), og deltaking på TV2s Gylne Tider 2 (2007)

Først publisert: 15.08.2014
Sist oppdatert: 09.05.2017