Hopp til innhold
Mona Høvring. Fotograf: Agnete Brun. Kjelde: Forlaget Oktober. Nytta etter avtale.
Mona Høvring. Fotograf: Agnete Brun. Kjelde: Forlaget Oktober. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Mona Høvring

Mona Høvring er ein produktiv og kritikarrost norsk lyrikar og romanforfattar som tematiserer områda erotikk, seksualitet og intimitetsproblem i møtet mellom menneske.

Mona Høvring er fødd i Haugesund 8. oktober 1962. Ho voks opp på Karmøy og er i dag busett i Vestfossen i Buskerud, der ho er sambuar med forfattaren Rune Christiansen. I 1978–79 var ho elev ved Sandvik folkehøgskole i Nordland og i 1979–80 ved Bergeland videregående skole i Stavanger. Ho studerte ved Hegdehaugen voksengymnas i Oslo i 1987–89.

Høvring har ein allsidig yrkesbakgrunn. Ho har mellom anna arbeidd som tannlegeassistent, som omnsoperatør ved elektrolysehallar og som medarbeidar i bokhandel. I tillegg har ho fleire år bak seg som forpleiingsassistent offshore i Nordsjøen. Ho var medlem av Det litterære råd i Den norske Forfatterforening frå 2007 til 2011 og av den norske Doblougkomiteen i seks år fram til 2018. Ho har òg vore gjesteforelesar ved Forfattarstudiet i Tromsø og ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

I 1998 debuterte Høvring med diktsamlinga IIK!! Ein dialog, den einaste boka der ho skriv på nynorsk. Andre diktsamlingar er Ensomme badedager og andre dikt (2000), Helt vanlige mirakler (2006), Å paradis (2008), Ekornet og den vaklevorne brua (2010) og Jente med dødningehode (2017). Romandebuten kom i 2004 med Noe som hjelper. Sidan har ho skrive romanane Venterommet i Atlanteren (2012), Camillas lange netter (2013) og Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg ble født (2018). Hovudtemaet hennar er seksualitet og individet sine vanskar ved å vere intim med andre menneske. Høvring er omsett til dansk, svensk, fransk og tysk. Ho er representert i fleire antologiar.

Høvring fekk Språklig samlings litteraturpris i 2012. For Camillas lange netter vart ho i 2014 nominert til Nordisk råds litteraturpris. Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg ble født gav forfattaren Kritikarprisen i 2018. Den same boka vart òg nominert til Bokhandlarprisen.

 

Kjelder

E‑post frå Mona Høvring 20.2.2019


Mona Høvring, forfattarside, oktober.no: http://www.oktober.no/Forfattere/Norske/Hoevring-Mona [lesedato 24.1.2019]

Felix Thorsen Katzenelson: «Forfatter har gjort seksualiteten nemmere: 'Jeg kunne skrive millioner av bøger om vanskelighederne ved at være intim med andre mennesker'», politiken.dk, publisert 17.11.2018: https://politiken.dk/kultur/boger/art6811958/%C2%BBJeg-kunne-skrive-millioner-af-b%C3%B8ger-om-vanskelighederne-ved-at-v%C3%A6re-intim-med-andre-mennesker%C2%AB (tilgjengeleg med abonnement) [lesedato 24.1.2019]

 

Peikarar

Carina Elisabeth Beddari: «Jenter som ingen kan målbinde», morgenbladet.no (tilgjengeleg med abonnement)

NRK TV: «Brenner live», nrk.no

Ulla Svalheim: «Søsterlig begjær og sjelelig småskrot», Bokvennen Litterær Avis 8/2018, blabla.no

Først publisert: 17.09.2019
Sist oppdatert: 10.10.2019